TOK SØLV: Boksetalent frå Sogn hevda seg i Nord-Europas største boksestevne. Oskar Stigen Sørensen tok med seg ein sølvmedalje heim. Foto: Morten O. D. Abusdal.
TOK SØLV: Boksetalent frå Sogn hevda seg i Nord-Europas største boksestevne. Oskar Stigen Sørensen tok med seg ein sølvmedalje heim. Foto: Morten O. D. Abusdal.

Tok sølv i Nord-Europas største boksestevne

Boksarar frå bokseklubben i Aurland hevda seg på andre sida av grensa.

Aurland: Aurland IL hadde med seg tre boksarar til det svenske storstevnet i Borås i Sverige, der to av dei reiste heim med ein sølvmedalje rundt nakken.

«King of the ring» er Nord-Europas største boksestevne, så dette er absolutt ein stor prestasjon.

– Det er kanongod kvalitet på dette stevnet, så me tok med oss dei antatt sterkaste med unntak av Mario (Midje Baltov journ. anm.) som var skadd, fortel leiar i boksegruppa, Reinhardt Sørensen.

Tok sølv

Dei tre som var med var Oskar Stigen Sørensen (12), Tomas (12) og Elias Langeland (16). Dei to førstnemnte tok sølv i sine klassar.

– Oskar boksar i 66-kiloklassen, men me fann ut at me skulle gi han litt tøffare motstand, så me gjekk opp til 75, men der gjekk nokon opp og noko ned, så han enda opp med å bokse i 80-kiloklassen. Der klarte han seg bra, fortel Sørensen.

Artikkelen held fram under biletet.

JULING: Tomas Langeland både fekk og delte vekk juling i Sverige. Også han tok sølv. 
JULING: Tomas Langeland både fekk og delte vekk juling i Sverige. Også han tok sølv. 

I første kamp møtte han Noregs beste boksar i i 80-klassen, som han vann. I finalen stod ein svenske i vegen.

– Han gjekk ein kjempekamp, og me trudde han vann, men i staden tapte han 1-2 på poeng, så det vart sølv.

Møtte nasjonal meister i Irland

For Tomas Langeland sin del, var det først engelsk motstand i semifinalen, som han vann på poeng 3-0. I finalen møtte han ein ire som er blitt nasjonal meister i Irland to gonger. Den kampen tapte han på poeng. 

– Men han boksa veldig bra, og det viser at nivået er kjempebra, seier Sørensen.

Sistemann Elias fekk seg ein skikkeleg nasestyvar og blødde veldig, så sjølv om han vann den første runden, tapte han dei to neste og rauk i semifinalen.

Artikkelen held fram under biletet.

NASESTYVAR: Elias Langeland fekk seg ein skikkeleg nasestyvar og tapte sin kamp etter å ha vunne den første runden. 
NASESTYVAR: Elias Langeland fekk seg ein skikkeleg nasestyvar og tapte sin kamp etter å ha vunne den første runden. 

Fokus på prestasjonar

Resultata viser uansett at det dei held på med i Aurland, fungerer. For tida har bokseklubben ti stykk som går kampar. 

– Målet vårt er ikkje å reise rundt og vinne, men å ha utvikling. Difor er dei flytt opp til å bokse i 14-årsklassen. Dei boksar jamnt med dei som er eldre. Det gjorde me i fjor også med Oskar i NM. Det er prestasjonane som er viktigast.

Men når NM kjem for seniorar i mars og junior i april neste år, er målet klokkeklart.

– Då er målet å få eit par gullmedaljar. Me har sagt at tre medaljar er målet, så då gjeld det å kome opp på eit bra nivå til dess. 

Til toppen