FORTENT HEIDER: Prisvinnarane Frøydis Skjeldestad og Torodd Kvam er her flankert av Else Kristine Husabø, leiaren for Leighs legat, og ordførar Jarle Aarvoll.
FORTENT HEIDER: Prisvinnarane Frøydis Skjeldestad og Torodd Kvam er her flankert av Else Kristine Husabø, leiaren for Leighs legat, og ordførar Jarle Aarvoll.

Tok til tårene då han vart heidra for frivillig innsats

Torodd Kvam greidde ikkje heilt å halde kjenslene tilbake då han saman med Frøydis Skjeldestad mottok årets Frivilligheitspris i Sogndal. 

Sogndal: Prisen på 26 000 kroner blir delt ut av Christine Leighs legat i Sogndal. I år var det to kandidatar som delte på utmerkinga, to personar som på usjølvisk vis har sett spor i lokalsamfunnet med sin frivillige innsats.

Begge vart like delar glade og overraska over tildelinga, men for Torodd Kvam var det ekstra vanskeleg å halde kjenslene attende. Han var ute og køyrde då han fekk vite nyhenda av styreleiaren for legatet.  

– Først tenkte eg at: «det er vel ein hjort ho skal ha partert, eller noko slikt». Når ho då sa at eg skulle få del i denne prisen, då måtte eg stoppa bilen, seier han og ler, medan ei tåre blinkar i augekroken.

– Det er eigentleg heilt utruleg, dette var heilt uventa. Eg er stolt og kry, seier den andre prisvinnaren, Frøydis Skjeldestad, leiar i Røde Kors omsorg i Sogndal.

Les også: Her blir prisvinnarane heidra av ordføraren

Når å hjelpe blir ein vane

Torodd Kvam er mannen som aldri seier nei. Om nokon treng hjelp til å sage ned eit tre i hagen eller hente heim nokre sauer som har gått seg fast i fjellet, så stiller han opp.

Han har vore frivillig i idretten gjennom mange år og sørga for at parkeringa har gått rett føre seg på heimekampane til Sogndal. For mange er han berre kjent som «grillmeisteren», etter sin mangeårige innsats for å skaffe føde til folket på utalige arrangement i bygda.

– Eg er oppvaksen på ein liten plass og vart fort van med å hjelpa til. Slik har det no vorte vidare. Eg har òg jobba på slakteriet i førtifem år og du kan no seia at eg har vore bonden sin mann dag og natt. Då blir det ein vane at du hjelper til, seier han.

– Når folk ringjer meg midt på natta, kanskje det er eit nødslakt eller noko, så har eg nok rykka ut. Det er gleda over å sjå at du kan hjelpa til som betyr noko. Eller når du er ute og leiter etter sauer: når du finn dei, så er det ei god kjensle. Det er eigentleg takk god nok, seier han, før han må svelge eit par gonger.

– Det har vore givande

Frøydis Skjeldestad fekk prisen for å ha løfta aktivitetsnivået i Sogndal Røde Kors omsorg til nye høgder.

Ho er ein person som får ting til å skje og er flink til å få folk med seg i arbeidet med å spre livsglede til menneske som ofte fell på utsida av dei tradisjonelle organiserte aktivitetane.

– Når eg vart pensjonist så tenkte eg at eg ikkje kan sitja heime og kjeda meg. Og det skal vera heilt sikkert at eg ikkje har gjort. Etter at eg vart leiar så har det blitt voldsomt mange ballar i lufta heile året. Det har vore givande og kjekt og eg har fatt mange nye vener, seier Skjeldestad.

Representerer det frivillige Sogndal

Ordførar Jarle Aarvoll meiner det var på høg tid at prisvinnarane fekk den heideren dei fortener.

– Er det nokon me verkeleg unnar dette, så er det desse to. Eg håpar at denne prisen og desse personane kan stimulere til enno meir frivilligheit. Utan dei frivillige, så stoppar lokalsamfunnet opp, seier han.

Også Else Kristine Husabø, leiaren for Leighs legat, rosar vinnarane og innsatsen dei gjer i lokalsamfunnet. 

– Me valde dei fordi dei representerer noko i Sogndal me alle er glade for at me har. Dei er institusjonar i seg sjølve, på kvar sin måte, og me er veldig nøgde med valet me har gjort, seier Husabø.

Til toppen