ULOVLEG RYPEJAKT: Førre helg vart tre rypejegerar tekne på fersk gjerning i Vang i Valdres. Det ser grunneigar Torstein Grøv alvorleg på. Illustrasjonsfoto: Jim Tovås Kristensen, Statskog/Flickr.
ULOVLEG RYPEJAKT: Førre helg vart tre rypejegerar tekne på fersk gjerning i Vang i Valdres. Det ser grunneigar Torstein Grøv alvorleg på. Illustrasjonsfoto: Jim Tovås Kristensen, Statskog/Flickr.

Tok tjuvjegerar på fersken

Førre helg blei tre rypejegerar tekne på fersk gjerning i Vang. 

Vang: Det tre rypejegerane, to menn i 40-åra og ein i 60-åra var på rypejakt utan løyve frå grunneigar, som no har meldt tjuvjakta til politiet.

Lensmann i Vang, Odd Vidme, stadfestar til Porten.no at dei har motteke meldinga. 

I fleire år har området frå Øye i Vang til Lærdal og Årdal vore prega av ulovleg jakt. Difor gjekk grunneigarane saman med rettshavarar for å få på plass ein plan for å få slutt på problemet.

– I 2014 og 2015 har det gjeve resultat ved at me i samarbeid om oppsyn i terrenga har klart å ta lovbrytarane på fersk gjerning, seier representant og formann for Bø og Grøvstølen sameige, Torstein Grøv.

– Alvorleg

Han er grunneigar på eitt av områda på Tyinog Filefjell som er nytta til tjuvjakt. Han fortel vidare at i år er det særleg spesielt fordi kyllingproduksjonen på ryper er lågare enn vanleg.

– Difor er at det ikkje vert felt fugl ut over det som er forsvarleg. I samband med dette er det svært alvorleg og uakseptabelt at jegerar utan løyve tar seg til rette i ein annan personsområde, seier Grøv.

– Etter å ha overvaka bestanden gjennom fleire år, har me god oversikt i området over utviklinga i hønsefuglbestand og kyllingproduksjon, med låg kyllingproduksjon i store delar av Sør-Noreg og freding i store område i Valdres, Hallingdal og Sogn. 

Til toppen