SKAUT JERV: Statens naturoppsyn tok i helga ut to jervar, ein i Sogn. Arkivfoto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen.
SKAUT JERV: Statens naturoppsyn tok i helga ut to jervar, ein i Sogn. Arkivfoto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen. (Foto: Statens Naturoppsyn)

Tok ut jerv i Luster

Statens naturoppsyn tok ut to jervar i helga.

Luster: I helga vart det skotne to jervar, ein i Luster i Sogn og ein i Eidfjord på Hardangervidda, skriv NRK.

Dei to jervane vart skotne som del av eit planlagt ekstraordinært uttak av jerv, bestemt av Miljødirektoratet.

Jerven som vart skoten i Luster, vart teken ut i Mørkridsdalen. No avventar Statens naturoppsyn vidare jakt.

– Me ventar på at det skal bli betre forhold i fjellet. Akkurat no er det hardt i fjellet, og vanskeleg å spore, seier Rein Arne Gold i Statens naturoppsyn.

Til toppen