TOK JERV: Søndag vart ei tispe avliva i Nesdalen på Borgund, stadfestar Rein-Arne Golf i Statens naturoppsyn Aurland. Arkivfoto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen.
TOK JERV: Søndag vart ei tispe avliva i Nesdalen på Borgund, stadfestar Rein-Arne Golf i Statens naturoppsyn Aurland. Arkivfoto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen. (Foto: Statens Naturoppsyn)

Tok ut jervetispe

Søndag vart ei jervetispe avliva i Sandalen på Borgund.

Borgund: Rein-Arne Golfi Statens naturoppsyn Aurland stadfestar at tispa vart avliven søndag med hjelp av helikopter og sporing. 

– Dette var ei jervetispe me var kjend med, og det er tredje vinteren ho går her. Miljødirektoratet ønskte at me skulle ta denne ut før ho fekk kvelpar, seier han til Porten.no.

STADFESTAR: Rein-Arne Golf i Statens naturoppsyn Aurland stadfestar uttaket av ei jervetispe.
STADFESTAR: Rein-Arne Golf i Statens naturoppsyn Aurland stadfestar uttaket av ei jervetispe.

Jerven ynglar i slutten av februar, og difor var det aktuelt å gå inn no og ta ut jerven. Dette er eit beiteprioritert område som det var gjort noko skade i fjoråret.

Måndag 15. februar er siste dag av lisensjakta i vinter. Per no er to av dei løyva rovviltnemnda gav på jerv teken ut. I midten av januar blei ein jerv avliva i Mørkridsdalen i Luster.

Golf fortel at det blir jakta i Luster i dag og at ein ser an resultatet. I førre veke gjekk leiar i rovviltnemnda, Aleksander Øren Heen, ut og ytra eit ønskje om å forlenge jakta med ti dagar i NRK. Golf trur i mellomtida at det kan bli vanskeleg etter som det er uheldig å til dømes ta ut ei tispe dersom har ungar ein plass.

– Du er ikkje uroa for at de berre har tatt ut to av åtte jervar?

– Eg har ikkje så mykje synspunkt til det. Me forheld oss til det forvaltinga bestemmer. Situasjonen var bra i fjor med lite skade. Tispa me tok ut i går gjorde skade i fjor. Per i dag ser det betre ut, men det er tidleg.

SANDALEN: Kartet viser kor jervetispa vart teken ut i Nesdalen på Borgund. Skjermdump: Rovbase.no.
SANDALEN: Kartet viser kor jervetispa vart teken ut i Nesdalen på Borgund. Skjermdump: Rovbase.no.
Til toppen