TOK APPARATTJUV: Ein mann i 40-åra stal eit brannslokkingsapparat frå Flenjatunnelen i dag tidleg, men teken like etter. «Verdas dårlegaste tjuv«, kallar brannsjef Aurland han. Foto: Arne Veum/Truls Sylvarnes.
TOK APPARATTJUV: Ein mann i 40-åra stal eit brannslokkingsapparat frå Flenjatunnelen i dag tidleg, men teken like etter. «Verdas dårlegaste tjuv«, kallar brannsjef Aurland han. Foto: Arne Veum/Truls Sylvarnes.

Tok «verdas dårlegaste tjuv» i å stjele apparat frå tunnel

No må mannen i 40-åra ut med tusenvis av kroner for å stjele eit brannslokkingsapparat til 300 kroner. 

Aurland: Det var 05.30 i dag tidleg at brannvesenet i Aurland fekk melding om at eit brannslokkingsapparat var fjerna i Flenjatunnelen. 

Det pågår arbeid i både Gudvangatunnelen og Fretheimstunnelen på begge sider av tunnelen, så brannvesenet rykte ut med tanke om at det kunne vere noko alvorleg.

– Når eit apparat vert fjerna, så går tunnelen i automatisk stopp. Då me kom fram og fekk snakka med dei som dirigerer trafikken i dei to tunnelane det er arbeid i, hadde dei stoppa to bilar. I den eine bilen fann me apparatet, fortel brannsjef i Aurland Reinhardt Sørensen.

– Verdas dårlegaste tjuv

Sjåføren var ein mann i 40-åra, som var mildt sagt flau over det han hadde gjort. 

– Det er berre dumt når du gjere noko sånt og får eit heilt mannskap til å rykke ut. Me var 13 mann som rykte ut, seier Sørensen.

Det er heller ikkje særleg lurt å begå tjuveri utan å vere klar over at «rømingsvegen» er stengt på grunn av vegarbeid. No er mannen anmeldt og kan vente seg ein saftig bot.

– Me skal ha regress for uttrykninga, og det er på 12.000 kroner. Med ein bot i tillegg må han sikkert ut med 20.-25.000 kroner, seier Sørensen, som omtalar mannen som den dårlegaste tjuven i verda. 

Mykje plaga med tjuveri før

Mannen hadde inga forklaring på kvifor han tok apparatet. For nokre år tilbake var brannvesenet i Aurland svært plaga med apparattjuveri. Opp til fleire gonger i året måtte dei rykke ut på slike saker. Då kunne det vere snakk om både veddemål og det at ein rett og slett berre trengte eit brannslokkingsapparat.

– Det er jo rart når eit apparat kostar 300 kroner. Det er heller ikkje noko logisk å ta eit slikt apparat heller. Det står «Vegvesenet» med stor skrift på det, så ein kan ikkje akkurat ha det ståande heime. 

Tjuveriraida har roa seg med åra, og det er lenge sidan sist. Sørensen takkar no arbeidsfolka for hjelpa sidan dei stoppa dei to bilane og heldt dei igjen. 

– Dette var iallfall verdas dyraste brannslokkingsapparat. 

Til toppen