LASERKONTROLL: Politiet tok tolv sjåførar med for høg fart under ein kontroll på fylkesveg 53 onsdag kveld. 
LASERKONTROLL: Politiet tok tolv sjåførar med for høg fart under ein kontroll på fylkesveg 53 onsdag kveld.  (Arkiv)

Tolv fekk bot då politiet målte farta

Politiet med rus- og fartskontroll i Årdal og Lærdal onsdag kveld.

Lærdal: Politiet i Sogn og Fjordane fanga intet mindre enn tolv med laseren då dei hadde kontroll på Strendene på fylkesveg 53 onsdag kveld.

Det melder politiet på Twitter. Den høgste farten som vart målt var 97 km/t i 80-sona.

Litt tidlegare hadde politiet også ruskontroll på Årdalstangen. 44 sjåførar vart kontrollerte i kontrollen, men ingen gav utslag.

Til toppen