Hyllestad: Kommunen har motteke tolv nye positive prøvesvar som blei teke fredag, og det er no 36 smittetilfeller knytta til utbrotet. Smittesporinga syner at alle tilfella kan sporast tilbake til Havyard, eller i nærkontakt til arbeidarar ved verftet.
Talet positive prøver i går var lågare enn forventa, men det skuldast at fleire av resultata kom først i dag. Testinga held fram til alle ved Havyard er testa. Kommunen skriv at det er forventa fleire positive resultat.
– Dei siste prøvesvara er òg med på å stadfesta at me har god oversikt og kontroll på utbrotet, og me er optimistiske med tanke på vidare smitteutvikling, skriv kommunen.
Kommunen takkar innbyggjarane for å slutte lojalt opp mot smitteverntiltaka og respektere karantenereglane.
- Les òg: Tre koronatilfelle – stengjer skular og barnehage
- Les òg: 21 smitta i Hyllestad. 19 av dei arbeider på Havyard
Får god hjelp
Kommunen har inngått eit samarbeid med Bergen kommune om å innlosjere nokre av dei smitta personane på koronahotell.
Kommunen skriv at dei er takksame for hjelpa dei får frå Bergen, samt at dei samarbeider godt med Stamina og Sunnfjord kommune.
«Saman med Stamina, Sunnfjord kommune og våre lokale folk i helsetenesta, så har me testa svært mange dei siste 4-5 dagane, òg no i helga. Alle prøvane frå innbyggjarar i lokalsamfunnet har vore negative», skriv Hyllestad kommune.