POSITIV: Marie-Helene Hollevik Brandsdal (Ap) og resten av formannskapet seier ja til å busetja fleire flyktningar i Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
POSITIV: Marie-Helene Hollevik Brandsdal (Ap) og resten av formannskapet seier ja til å busetja fleire flyktningar i Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Tommel opp for å ta imot fleire flyktningar

Formannskapet i Årdal er positive til å busetje ytterlegare fem flyktningar per år frå 2017 til 2019.

Årdal: Det tar talet på flyktningar Årdal kommune skal busetja opp til 15 per år dei neste fire åra. Det var forslaget Marie-Helene Hollevik Brandsdal og Arbeidarpartiet kom med tysdag.

Det er Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI) som ber kommunen om å busetje fleire flyktningar for bidra til handtere flyktningkrisa i verda akkurat no. I forslaget frå Arbeidarpartiet heiter det at Årdal kommune skal busetja talet flyktningar direktoratet ber kommunen om å gjera ut frå rammetal.

– Me har ein kommuneplan med ei politisk målsetjing om at me skal auka innbyggjartal. Når me i 2019 ser tilbake på desse åra med busetjing og integrering, har forhåpentlegvis innbyggartalet auka frå 5429 til vel 6000. Og så synest me rådmann og administrasjonen er vel opptekne av eige hus i saksframlegget, sa Brandsdal og fekk støtte frå Senterpartiet.

Brandsdal drog fram talet på ledige bustadar i kommunen, den høge sysselsetjinga og at menneska som kjem hit kan bidra med aktivitet. 

Rår til å seie nei

I saksframlegget er det peika på fire hovudpunkt som må vurderast i saka. Dette går på tilgang på bustadar i kommunen, tilgang til arbeidsplassar, kapasiteten i det kommunale tenesteapparatet og storleiken på tilskotsordninga.

Samla sett rår administrasjonen til at politikarane seier nei til oppmodinga frå IMDI og held seg til vedtaket kommunestyret gjorde i juni «med atterhald» fram til kommunen er ute av Robek-registeret.

«Atterhalda» det blir peika på er at kommunen reknar med at Stortinget i budsjett for 2016 og 2017 set kommunen i stand til å styrka flyktningtenesta og at perioden med fullt integreringstilskot vert utvida til fire år og at heile integreringsperioden vert utvida til å gjelde i sju år.

Vart provosert

Med dette i tankane uttalte rådmann Olve Fossedal at han oppfatta debatten tysdag som eit politisk linjeskifte og eit signal om kva som er forventa når det gjeld produksjon av planar og korleis rådmann skal forhalde seg til politiske signal.

PROVOSERT: Aleksander Øren Heen (Sp) lot seg provosere av at denne saka kom opp att.
PROVOSERT: Aleksander Øren Heen (Sp) lot seg provosere av at denne saka kom opp att.

Den skildringa var verken Brandsdal eller Aleksander Øren Heen (Sp) nøgd med. 

– Eg vart nesten litt provosert når denne saka vart lagt fram. Eg oppfattar det som ein rein omkamp. Eg tolkar ikkje det førre kommunestyret slik at ein skulle setja ned foten dersom det ikkje vart gjort vesentlege endringar i statsbudsjettet. Og det er det jo gjort. Det er starta eit arbeid med å få tilstrekkeleg inndekking, svarte Heen og la fram ei problemstilling.

– Viss det er 20 personar frå Oslo og Bergen som vil flytta hit, skal me då seia nei fordi ein av dei kan bli ei utfordring? Me må ta imot folk, for det er folk det handlar om. Det er ikkje meir krevjande for Årdal enn andre, gjerne mindre kommunar, som har lykkast med dette. 

For dårlege planar

Senterparti-politikaren meiner det er meir relevant å diskutere kva som må til for å ha eit ordentleg apparat som kan ta imot anten det er snakk om 15, 20 eller 25 flyktningar. I dag er det éin flyktningkonsulent i Årdal. 

– Eit politisk linjeskifte er fjernt frå det Arbeidarpartiet har signalisert heile vegen. Årdal har god historie på å busetja flyktningar, og eg oppfattar at det alltid har vore politisk vilje til det, la Brandsdal til, men vedgår at planane for busetjing og integrering kanskje ikkje har vore gode nok.

– Kanskje me ikkje har hatt det klart nok i plandokumenta våre. Dette vil me bli betre på i fellesskap med administrasjonen. Me har kanskje ikkje vore gode nok på å organisera det. Det er ikkje farleg å innrømma det. Me kan heller strekka oss etter å bli betre og samarbeida på alle område, ikkje berre innad i kommunen, men også utad med næringsliv og arbeidsliv.

Ingen unnskyldningar

Sjølv dei folkevalde godt kunne forstå utfordringane, spesielt økonomisk, ville dei ikkje vera med på tilrådinga til administrasjonen, noko Hilde Horpen (Sp) oppsummerte.

– Me kan ikkje bruka økonomi som unnskyldning. Det følgjer med midlar, og me må på lik line med andre delta i dugnaden.

Utan om å busetja fleire flyktningar føreslo også Arbeidarpartiet at det skal utarbeidast ein plan for busetjing og integrering av flyktningar i Årdal, og at kommunen skal i dialog med Husbanken og undersøka om det er mogleg å få støtteordningar til å skaffe bustadar. Framlegget vart samrøystes vedteke og vert sendt vidare til behandling i kommunestyret. 

Til toppen