SESONGSTART: Denne helga var det sesongstart for innandørsskyting i Sogn. Norum, Leikanger og Hafslo skyttarlag arrangerer stemne denne helga. Det har Torstein Særhagen, Ole Bjarne Hovland, Yngve Natvik og Kjetil Hov frå Knipenborg Skyttarlag gledd seg til. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SESONGSTART: Denne helga var det sesongstart for innandørsskyting i Sogn. Norum, Leikanger og Hafslo skyttarlag arrangerer stemne denne helga. Det har Torstein Særhagen, Ole Bjarne Hovland, Yngve Natvik og Kjetil Hov frå Knipenborg Skyttarlag gledd seg til. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Tommel opp for sesongstart

Denne helga har skyttarane i Indre Sogn gledd seg lenge til. 

Ylvisåker: – Det er alltid litt spenning når det er første innestemnet, seier Kjetil Hov i Knipenborg Skyttarlag.

Han, og ein heil gjeng frå det same skyttarlaget sit samla rundt på bordet i kjellaren på Norane skule på Ylvisåker, der Norum Skyttarlag arrangerer skytestemne.

Denne helga er det intet mindre enn tre stemner i Sogn, frå Hafslo, via Ylvisåker til Leikanger. Dei vert arrangert kvar for seg, men gir skyttarane sjansen til å reise mellom desse og skyte heile helga.

– Den eigentlege innesesongen startar etter jul for oss, men så har ein alltid desse stemna før jul for å koma i gang litt, og då får ein testa korleis ein ligg an med treninga, fortel Hov.

Spesiell sesong

Det er kanskje helst desse månadane her som går med til oppkøyring, og som er rolegast, for skyting er blitt ein heilårssport. I det utesesongen er ferdig, trekk dei inn. 

Artikkelen held fram under biletet.

HEILÅRSSPORT: Det er kanskje helst denne tida av året som er rolegast, men skyting har absolutt blitt ein heilårssport. 
HEILÅRSSPORT: Det er kanskje helst denne tida av året som er rolegast, men skyting har absolutt blitt ein heilårssport. 

– Ein kjenner det kriblar litt ekstra i kroppen når det er det første innestemnet, men det gjer det uansett eigentleg, seier Ole Bjarne Hovland. 

Denne sesongen er også litt ekstra spesiell. Neste sommar det nemleg Landsskyttarstemne i Førde. Det er praktisk tala på heimebane.

– Den blir litt ekstra spesiell med det så nære oss. Det er nesten på heimebane, så då ønskjer ein å prestere, forklarar Yngve Natvik.

Lykkast med rekrutteringa

Denne helga er det også mange som deltek på sitt første stemne. I Knipenborg har det lykkast godt med rekrutteringa. I fjor reiste dei på Tangen skule og inviterte tre årskull til å prøve ut skyting.

Artikkelen held fram under biletet.

GOD REKRUTTERING: Torstein Sørhagen (11) i blått og raudt starta i Knipenborg for eitt år sidan. Det har han ikkje angra eit sekund på, fortel han.
GOD REKRUTTERING: Torstein Sørhagen (11) i blått og raudt starta i Knipenborg for eitt år sidan. Det har han ikkje angra eit sekund på, fortel han.

Dei hadde rekna med at ein fem-seks kom. I staden møtte det opp tolv. Totalt har dei vore oppe i nesten 30 som har prøvd seg. No er dei jamnt 20. Ein av desse Torstein Sørhagen (11). 

– Det var så artigt då eg byrja. Den første dagen tenkte eg allereie då at dette skal eg drive med i årevis. Eg har ikkje angra eit sekund etter at eg trakk av det første skotet, seier ungguten. 

– Dette er den største hobbyen min. Eg har vore innom fotball, men likte det ikkje så godt, ikkje like godt som skyting. Og så er eg med i 4H også, fortel han.

Fotball er ikkje for alle

For sjølv om handball og fotball gjerne er dei mest populære idrettane, er det ikkje gitt at det er for alle.

– Det er det fine med skyting. Det er ingen andre som er avhengig av deg enn du sjølv. Det du presterer påverkar ingen, fortel Hov, som saman med Natvik og Hovland gler seg over at så mange unge vil vere med.

– Det er heilt supert. Me har veldig gode fasilitetar både innandørs og utandørs, og me har slete for å få anlegget opp. At ungane brukar det, er viktig for framtida. Det gler ein som har halde på ein stund, seier Hovland.

For unge Sørhagen er det første gongen han skyt på anlegget til Norum Skyttarlag.

– Det er litt spenning, spesielt når ein kjem til nye plassar, men det er alltid artig å skyte andre plassar. Det atigaste er å reise rundt på stemne. 

Til toppen