TILBAKE: Tommy Øren er tilbake i Sogndal fotball, og blir blant anna ansvarleg for SogndalAkademiet. Foto: Sogndalfotball.no
TILBAKE: Tommy Øren er tilbake i Sogndal fotball, og blir blant anna ansvarleg for SogndalAkademiet. Foto: Sogndalfotball.no

Tommy Øren tilbake i Sogndal fotball

Årdølen Tommy Øren er tilbake i Sogndal fotball. 

Sogndal: Etter 14 månadar på Melås er Tommy Øren tilbake i Sogndal fotball. Han tek over som ansvarleg for SogndalAkademiet etter Marius Kloster. SogndalAkademiet kjenner Øren godt til frå før, då han og Sebastian Kaldestad utvikla det for nokre år sida.

- Tommy var den første som var i tankane våre då Kloster skulle vidare i ei anna rolle, seier Utviklingsansvarleg Anders Stadheim til sogndalfotball.

Øren gler seg til å ta over Akademiet og er godt i gang med førebuingane.

- Eg gler meg veldig til å ta over etter Marius, som har gjort ein flott jobb. Akademiet har hatt ein fin utvikling, der totalen i tilbodet er meget bra, seier Øren.

Fleire ting å drive med

I tillegg til SogndalAkademiet skal Øren drive med Lerum Cupen. Øren er klar over at cupen skal framstå slik den har vore i ei årrekkje.

- Me skal ikkje endre mykje, men noko nytt blir det, slik at me sikrar enno litt meir at cupen er ei positiv oppleving for ungane. Det er jo det det dreiar seg om, seier Øren. 

Arrangementssjef Geir Inge Heggestad kjem også til å nytte seg av Øren sin kompetanse.

- Eg er veldig glad for å vera tilbake i klubben. Eg har hatt det fint på Melås, men må innrømma at eg har sakna miljøet. Det er spesielt å vera ein del av fotballfamilien i ein klubb som Sogndal, so dette vert veldig kjekt, avsluttar Øren.

Til toppen