Tone sang jula heim med lokalt stjernelag

Musikalsk festførestilling trakk tre fulle hus to kveldar på rad og sikra julestemninga i Sogndal.

Sogndal: Dei fire vokalistane Tone Damli, Kari Malmanger, Gunn Marit Kvåle og Einar Bolstad leverte i kveld gåsehudprestasjonar på rekke og rad. Med eit bunnsolid band i ryggen, leia av Inge Ronny Kvåle, lokka dei fram trampeklapp nærast mellom kvart nummer.

– Det har blitt ein juletradisjon dette, å komma heim og gjera nokon sånne konsertar. Me har eit supert lag og eit fantastisk band, så eg har berre kost meg, seier Tone Damli etter konserten.

Les også: Ho sjarmerte Stedje Kyrkje under «Heilage Jolehelg»
Les også: Julekonsert med heilt ny vri

Ho har spelt på langt større scener enn i Sogndal kulturhus. Likevel er det noko spesielt med å opptre på heimebane.

– Det er anleis enn å synga andre plassar, mykje fordi eg kjenner mange blant publikum. Så eg har litt ekstra nervar rundt det. Du skulle tru at eg kunne slappa meir av heime, men eg blir faktisk litt meir nervøs, seier ho.

IMPONERTE: Kvartetten Kari Malmanger, Gunn Marit Kvåle, Tone Damli og Einar Bolstad leverte strålande framføringar på rekkje og rad. Bak scena kunne dei puste letta ut, etter tre konsertar for fulle salar.
IMPONERTE: Kvartetten Kari Malmanger, Gunn Marit Kvåle, Tone Damli og Einar Bolstad leverte strålande framføringar på rekkje og rad. Bak scena kunne dei puste letta ut, etter tre konsertar for fulle salar.

Musikken sikrar julesteminga òg for artisten

Einar Bolstad frå Hafslo har dei siste åra imponert mange med si djupe røyst. Han var kanskje den som hausta størst applaus denne kvelden, etter framføringa av klassikaren O helga natt. 

– Kjempemoro. At folk har lyst til å høyra på oss i heile tatt, det er berre kjempeflott, seier han.

Dei har dei sikra julestemninga til mang ein sogndøl denne helga. No ventar den same gleda innbyggjarane i Luster og Årdal, som får stjernelaget på besøk dei to komande dagane.

Også for Einar Bolstad er det musikk han tyr til når julestemninga skal lokkast fram.

– Det er stort sett den. Snø er det no ikkje, så det må bli musikken, seier han.

Fulle hus gir meirsmak

Yngstemann på scena, Gunn Marit Kvåle, fekk skryt av sambygding Tone etter konserten.    

– Eg kjenner dei no alle etter kvart, men det er kanskje spesielt kjekt med ho, som eg ser blir betre og betre for kvart år som går. Ho byrjar å bli ein vaksen sangar og eg synst ho er spanande å følgja, seier ho.

Sjølv har femtenåringen lyst til å satse på musikken og brukar mykje tid på både piano og sang. Då gir det i alle fall meirsmak å få folk i Sogndal til å gå mann av huse to kveldar på rad.  

– Det er fantastisk å kunne fylle tre salar, i tillegg til alle dei andre kyrkjekonsertane me har. Det er herleg, seier ho.

Til toppen