Sogndal: Tonje Torvanger (22) frå Sogndal sit på bussen på veg heim frå Kokke-OL i Erfurt i Tyskland då Porten.no snakkar med ho.
I bagasjen har ho to OL-gull og ein bronsemedalje for innsatsen ho har levert saman med resten av juniorane på kokkelandslaget.
– Det har vore heilt fantastisk. Det er veldig deilig å koma ned her og få vist alt arbeidet vårt. Det har jo gått over all forventning, seier ho.
Hardt arbeid
Juniorane tok gull i varmmat og spiseleg buffet, som konkurransane heiter. Samanlagt gav det ein bronsemedalje.
Bak medaljane ligg mykje hardt arbeid. Ein gong i månaden gjennom heile året har dei samlast over fire-fem dagar for å trene i Oslo.
Under sjølve konkurransen har det blitt så som så med søvn, men Torvanger fortel at det har vore svært lærerikt.
– Det har vore litt nerver, spesielt under den siste konkurransen, men når ein kjem i gang, forsvinn det og ein står i si eiga boble og er fullt konsentrert, skildrar Torvanger.