Tonje Torvanger frå Sogndal er ein del av Noreg sitt kokkelandslag, som i dag vann gullmedalje i kategorien nasjonallag.
Tonje Torvanger frå Sogndal er ein del av Noreg sitt kokkelandslag, som i dag vann gullmedalje i kategorien nasjonallag. (Foto: Photo: IKA/Culinary Olympics)

Tonje Torvanger frå Sogndal tok gull i «kokke-OL»

Kvar veke sidan jul har ho vore på treningssamlingar med landslaget. I dag fekk ho og resten av laget løn for strevet.

Stuttgart: – I kveld skal me eta og drikka godt, og så gler eg meg til å sova ut. Eg har ikkje hatt fri sidan jul, seier Tonje Torvanger til Sogn Avis.

I dag var sogndølen med på skaffe Noreg sigeren i kategorien for nasjonallag i kokke-OL, eller IKA/Culinary Olympics som det heiter.

Ifølgje IKA si pressemelding overtydde Noregs lag juryen om sin dugleik ved presisjon og kunstnerisk handtverk. Det svenske landslaget kom på andre plass, og det islandske på tredje.

Til toppen