IKKJE LOTTO: Tony Fimreite frå Sogndal meiner det er eit problem i Norge at aksjar blir oppfatta som Lotto. – Det er det ikkje, seier porteføljeforvaltaren, som likevel meiner flaks er undervurdert.
IKKJE LOTTO: Tony Fimreite frå Sogndal meiner det er eit problem i Norge at aksjar blir oppfatta som Lotto. – Det er det ikkje, seier porteføljeforvaltaren, som likevel meiner flaks er undervurdert. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Tony forvaltar milliardar på børsen

Eit sjeldant aviskjøp gjorde at han fann draumejobben. – Flaks er undervurdert, seier sogndølen.

Sogndal: Tony Fimreite frå Sogndal er porteføljeforvaltar. Jobben hans er å ta hand om sparepengane til deg og meg og prøva å investera dei lurt på børsen.

Gjennom Holberg Fondene i Bergen forvaltar han og kollegaen 3,5 milliardar kroner på den norske og den nordiske marknaden, ein sum dei fleste ville ha blitt svimle av.

– Eg har sjølv investert i fondet og prøver heile tida å tenka kva eg ville ha gjort med mine eigne pengar. Så vil eg tru at det òg er det beste for dei andre som er i fondet. Men summane tenkjer eg ikkje over, det er berre eit tal, seier han.

Genetisk disponert for aksjar

PÅ HEIMEBANE: I oktober var Tony Fimreite på besøk i heimbygda Sogndal for å gje ein presentasjon av kva han driv med og korleis fonda han forvalta opererer.
PÅ HEIMEBANE: I oktober var Tony Fimreite på besøk i heimbygda Sogndal for å gje ein presentasjon av kva han driv med og korleis fonda han forvalta opererer. Foto: Halvor Farsund Storvik

Det var då han gjekk på skule i Sogndal at han byrja å interessere seg for aksjar. Dei første han kjøpte var i 2006, i IT-selskapet Ementor, i dag kjent som Atea.

– Då dobla eg pengane mine på seks månader og var eigentleg bitt av basillen, seier Fimreite.

Eigentleg trur han lidenskapen stammar enno djupare. Bestefaren var òg interessert i børsen og kjøpte obligasjonar etter andre verdskrig.

– Så eg vil tru det er noko eg har arva genetisk, seier Fimreite.

I 2008 reiste han til Edinburg og tok masterutdanning på tolv månader, med spesialisering i verdipapir. Då han kom heim rett etter finanskrisa var jobbane han hadde utdanna seg til vekke.

– Då byrja eg å jobba som revisor, medan eg handla aksjar på fritida, seier Fimreite.

Eit år seinare vart han sendt på tvangsferie fordi han hadde jobba for mykje overtid.

– Flaks er undervurdert

Det skulle visa seg å vera første ledd i ei kort men avgjerande rekke tilfeldige hendingar.

– Me kjøper aldri aviser, men på flyplassen kjøpte madammen Bergens Tidende fordi ho kjeda seg. Der var det lyst ut ei stiling som junior portefølgjeforvaltar i Holberg Fondene. Ho overtalte meg til å søka og eg hadde så stor flaks at eg fekk jobben. Så det er eigentleg veldig tilfeldig alt saman. Flaks er undervurdert, seier Fimreite. 

På børsen trur han derimot lite på flaks. Tvert om meiner han det er eit problem i Norge at aksjar blir framstilt som Lotto.

– Det er det ikkje viss du ser på fakta. Her jobbar tida for deg. Over tid har marknaden stige til alle tider, så det har ingenting med Lotto å gjera, seier Fimreite.

Men, presiserer han, å spekulera i enkeltaksjar og på kortsiktige svingingar, det kan vanlege dødelege berre gløyma. Men handlar du langsiktig i fond, så er det det beste sparetipset du kan få, meiner Fimreite.

– Utan tvil, det luraste du kan gjera er å oppretta ein aksjespareavtale der du har eit månadleg trekk på kontoen din. Du må ha langsiktig horisont, berre lata det rulla og ikkje sjekka saldoen kvar dag. Ikkje tru på det som står i avisene. Tvert om, når avisene seier det går til helvete, då skal du heller putta pengar inn.

Til toppen