Topp stemning på Fjøsblues

Nær 70 storkoste seg på Avdalen Gard.

Årdal: Den 20. Fjøsbluesen vart arrangert laurdag. Gunn Cecilie Avdal Semstrøm seier til Porten.no at det var topp stemning i fjøsen då Årdal Blueslag med Per Hillestad som gjesteartist spelte opp til dans.

 – Det var mellom 60 og 70 prsonar som koste seg i Avdalen seier Semstrøm.

Dårleg vêr avlyste tur

Semstrøm seier at ”grautturen” som Årdal turlag arrangerte vart avlyst. Den tradisjonelle ”grautturen” går frå Trondteigen til Avdalen, men i år var det for få påmelde.

Truleg har det med dårleg vêr å gjere, avsluttar Semstrøm.

Til toppen