TOPP TRE: Det er meldt inn 139 cruiseanløp i Flåm i 2017. Det vil gi ein av dei tre beste cruisesesongane i Flåm. Foto: Jan Christian Jerving. 
TOPP TRE: Det er meldt inn 139 cruiseanløp i Flåm i 2017. Det vil gi ein av dei tre beste cruisesesongane i Flåm. Foto: Jan Christian Jerving.  (Foto: Jan Christian Jerving)

Topp tre beste cruisesesongar for Flåm neste år

Det er meldt inn 139 cruiseanløp i Flåm i 2017. Det vil gi ein av dei tre beste cruisesesongane i Flåm. 

Flåm: Det går fram av anløpslista til Aurland Hamnevesen. Dagleg leiar John Johnsen seier dette vil vere eit normalt bra år.

– Det er blant dei tre beste åra me har hatt viss ein ser på tonnasje, tal skil og passasjerar, seier han. 

Totalt er det snakk om at rundt 240 000 cruiseskippassasjerar kjem til å gå i land i Flåm neste år. Det er ikkje langt unna toppsesongen i 2013. Då var det 250 000 passasjerar på besøk.

– Dette er om lag det same me hadde i år, fortel Johnsen. 

Ingen vintercruise

Derimot vert det ikkje eit tidleg vinterbesøk i 2017. Aurland Hamnevesen har jobba for å utvide sesongen, og i fjor fekk dei besøk av eit skip i mars. I år kjem det første cruiseskipet inn fjorden i midten av april.

– Me har lykkast med det dei andre åra, men i år valte skipet å leggja inn eit ekstra døgn i Alta for å studere nordlyset, og dermed vart me kutta ut. 

Til toppen