VIKTIG BRIKKE: Stine Pettersen Reinås dominerer i forsvaret på Stabæk. No vil ho gjere det same på landslaget. Foto: Kristian Bjerke/Stabæk Media.
VIKTIG BRIKKE: Stine Pettersen Reinås dominerer i forsvaret på Stabæk. No vil ho gjere det same på landslaget. Foto: Kristian Bjerke/Stabæk Media.

Toppa supersesong med ny kåring

No er fast stopparplass på landslaget før EM det einaste som står i hovudet på Stine Pettersen Reinås (22) frå Hafslo.

Stabækspelaren har i år tatt bronse i serien, debutert på landslaget, blitt kåra til årets forsvarspelar og kome på årets lag i Toppserien.

– Det er kjempegøy å få personlege utmerkingar, spesielt å komme på årets lag som jo er stemt fram av andre toppseriespelarar. Det er eigentleg ganske stort, seier Pettersen Reinås om den ferskaste kåringa.

Les også: I helga debuterte ho i Toppserien, no ventar EM-kvalik

Fekk draumedebut med landslaget

Sesongen har med andre ord vore ein einaste personleg opptur for stopparkjempa. Men bronse i serien med Stabæk er under det klubben har forventa.

– Det har vore ei ganske stor utskifting av sentrale spelarar. Så vi får sjå no til neste år, når vi unge har fått ein ekstra sesong saman, om vi ikkje får snikra i hop noko bra, seier Pettersen Reinås.

I haust har ho fått sine to første landskampar, mot Kazakhstan og Israel i EM-kvalifiseringa. I debuten greidde ho til og med å notere seg for scoring.

– Det var sjølvsagt kjempestort og noko eg har drømt om sidan eg skjønte eg kunne bli god i fotball, seier Pettersen Reinås.

Drøymer om proffspel

Sidan debutkampane har landslaget bytt trenar og i den komande treningskampen mot Tyskland er ikkje Pettersen Reinås med i troppen. Til sommaren er det duka for EM-sluttspel i Nederland.

– Målet er å spele meg inn på laget og eg skal gjere mitt yttarste for å få det til. Det er eit halvår å gjere det på. 

Med tre sesongar i Toppserien, landslagsspel og fleire personlege utmerkingar under beltet er det lov å drøyme om proffspel. Men Pettersen Reinås vil helst avslutte på betre maner. 

– Eg har kontrakt ut neste sesong og har lyst til å fullføre. Eg trur vi kan hevde oss ganske bra neste år og har lyst til å vere med på det.

– Men då er det kun proffspel som er aktuelt?

– Då blir det utlandet, ja. Det er ikkje aktuelt å dra til nokon anna norsk klubb, seier ho.

Til toppen