MOROBIL: Mini Cabrio er en lekebil, ikke minst med den friske motoren man finner i Cooper S-utgaven. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema /
MOROBIL: Mini Cabrio er en lekebil, ikke minst med den friske motoren man finner i Cooper S-utgaven. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema /

Topplaus bråkebøtte

Mini som kabriolet er ein artig bil, men han byr også på nokre mindre heldige kompromiss.

Kabriolet i Noreg er vel ikkje det klokaste bilkjøpet ein kan tenkja seg. Det fekk vi merka då vi var ute utan tak. Det skyfrie vêret baud på eit par plussgrader, noko som går ganske greitt om ein fyrer skikkeleg med varme i bilen. Mindre vellykka var det då det brått tok til å snø.

No er det heldigvis lett å få på taket, det blir gjort på nokre sekund med eit tastetrykk, men klimaet vårt gjer at bilen i stor grad vil køyrast med taket på. At det heller ikkje er spesielt behageleg å køyra på motorveg utan tak, er ei anna sak. Går du for ein kabriolet, bør du eigentleg vera ein skikkeleg hardhaus, som ikkje lèt deg affisera av støy og trekk – eller solstikk om vêret viser seg frå si beste side.

Desse nedsidene er nok noko av årsaka til at det knapt var 200 nordmenn som skaffa seg ein ny kabriolet i fjor.

Artikkelen held fram under biletet

TAKET AV: Det tar 18 sekunder å fjerne taket.
TAKET AV: Det tar 18 sekunder å fjerne taket.

Kvikkas

Dette talet kan stiga i år, då det kjem ein del nye, taklause modellar – som denne Minien. Her i den svært morosame Cooper S-utgåva. Det vil seia ein bil med ein to liters turbomotor som yter 192 hestekrefter, i eit køyretøy som veg rett under 1,3 tonn. Med andre ord ein liten kvikkas. Null til hundre tek 7,1 sekund.

Artikkelen held fram under biletet

MOROUTGAVE: Cooper S-motoren er på to liter og yter 192 hestekrefter.
MOROUTGAVE: Cooper S-motoren er på to liter og yter 192 hestekrefter.

Køyreeigenskapane er ein viktig del av imaget til Minien, og det har ikkje blitt borte med taket. Den nye Minien er ein god del større enn utgåva han erstattar, rundt ti centimeter lengre, noko som gjev større akselavstand, som igjen påverkar køyreeigenskapane i positiv forstand. Bilen er meir stabil enn før, det gjev også noko betre plass innvendig og i bagasjerommet.

Kabrioleten er stiva opp, slik at det ikkje blir som å køyra ein geléklump, og det fungerer. Han kjennest ut som utgåva med tak, og «gokart»-kjensla er intakt. Samtidig er det ein stiv bil på den måten at komforten i lågare fart er så som så. Det ristar og slår ganske kraftig i bilen når asfalten ikkje er prima. I høgare fart og på svingete veg får ein igjen for dette. Han bit seg godt fast i underlaget, og ein må rota det kraftig til for å støyta på understyring. Bilen brukar ein elektronisk differensial, som er svært effektiv, og han tek svingane flatt og presist.

Artikkelen held fram under biletet

RUNDT OG RUNDT: Miniens interiør er fortsatt en smule fjollete, men i den nye utgaven er det litt mer praktisk enn tidligere, hvor blant annet knappene for vindusheisene er flyttet fra midtkonsoll til dørene.
RUNDT OG RUNDT: Miniens interiør er fortsatt en smule fjollete, men i den nye utgaven er det litt mer praktisk enn tidligere, hvor blant annet knappene for vindusheisene er flyttet fra midtkonsoll til dørene.

Bråk

I den mest aggressive innstillinga blir dette eit bråkete leiketøy, med dunder og brak frå eksosanlegget og ein motor som trivst på høge turtal. Lyden kjennest ekstra intens når ein køyrer med taket av. I ein slik situasjon gjev det meining med kabriolet, når naturen flyg forbi medan bilen knatrar og smell seg gjennom svingane.

Artikkelen held fram under biletet

SMÅTT: Det er ikke store bagasjeplassen, og den blir enda mindre med kalesjen nede.
SMÅTT: Det er ikke store bagasjeplassen, og den blir enda mindre med kalesjen nede.

Det som er litt mindre vellykka, er måten taket brettar seg saman på. Det stablar seg opp på bagasjelokket og tek ein stor del av sikta bakover. Det er heller ikkje heilt praktisk når taket er på, då dukkar det opp ein formidabel dødvinkel.

Det finst langt på veg ingen praktisk grunn til å skaffa seg ein kabriolet, samtidig er det noko med fridomskjensla ein får når vinden piskar i håret og sola steikjer i hårfestet. Kanskje er det ei løysing for oss som er for feige til å køyra motorsykkel?

(Undersak) Konkurrentar

Per i dag er det ikkje så stort trykk på denne typen bil, og alternativa er ikkje så mange som for rundt ti års tid sidan, då særleg dei franske merka baud på rimelege kabrioletar. Den nærmaste konkurrenten til Minien, i pris og køyreglede, er Mazda MX-5. BMWs 2-serie kan også by på mykje av det same, men kostar rundt 100.000 meir med ein tilsvarande motor.

(Undersak 2) Tekniske data: Mini Cooper S Cabrio

Pris: 377.800.-

Pris testbil: 538.510-

Motor: 4 syl. bensin. Turbo. 1998 ccm. 192 hk v. 5000 o/min. 280 Nm v. 1250 o/min

Aks: 7,1 sekund

Toppfart: 228 km/t

Forbruk: 0,48 l/mil (landeveg), 0,71 l/mil (by), 0,56 l/mil (blanda)

Utslepp: 131 g/km CO2. 23,2 mg/km NOx.

Mål (LxBxH): 3850/1727/1415 mm

Bagasjerom: 160/215 l

Eigenvekt: 1295 (©NPK) kilo

Til toppen