UVANT ROLLE: Kristian Fardal Opseth ser at lagkameratane entrar grasmatta på Fosshaugane før kampen mot Odd på onsdag. For fjerde kamp på rad måtte han finne seg i å starte på benken.
UVANT ROLLE: Kristian Fardal Opseth ser at lagkameratane entrar grasmatta på Fosshaugane før kampen mot Odd på onsdag. For fjerde kamp på rad måtte han finne seg i å starte på benken.

Toppscorar i fjor, benkeslitar i år

2015 vart det store gjennombrotet for Kristian Fardal Opseth. Med seksten mål var han berre eitt unna å bli toppscorar i førstedivisjon.

Etter årtusenskiftet er det berre Kurt Mørkøre som har netta fleire gonger for Sogndal på èin sesong.

Men årets fem første serierundar viser at ingenting veks inn i himmelen. Null mål, null assist og kun èin kamp frå start (Otoo var ute med skade). Det er fasiten så langt for den høgreiste kaupingen. Kontrasten frå fjoråret kunne knapt vore større.

– Eg er sjølvsagt ikkje nøgd med å sitja på benken. Og der meiner eg heilt klart at eg ikkje bør vera heller. Skal du spela fotball, så må du ha ambisjonar om å spela, seier Opseth. 

VED GODT MOT: Opseth har verken mista humøret eller kampviljen, sjølv om han er utanfor førsteellevaren i sesongstarten.
VED GODT MOT: Opseth har verken mista humøret eller kampviljen, sjølv om han er utanfor førsteellevaren i sesongstarten.

Tøff konkurranse

Rett skal vere rett. Eitt mål har det blitt. Men det var i første runde av NM, mot tredjedivisjonslaget Valdres FK. Ein kamp Opseth attpåtil fekk starte.

Men i serien er han førebels tredjeval bak Mahatma Otoo og nyinnkjøpte Martin Ramsland.   

– Det er tøff konkurranse om plassane. Mahatma og Martin har gjort det godt, så det er vanskeleg å setje dei ut av laget, seier Opseth.

– Så skal eg jobba knallhardt for å ta tilbake ein plass. Men det krev litt arbeid, seier han. 

I mellomtida må han nøye seg med rolla som joker. I samtlege kampar han har starta på benken, har han fått sjansen i sluttminutta.  

– Dei gongane me jaktar scoringar, så føler eg at eg kan vera utpå der og bidra til at vi kan få det målet. Eg har desverre ikkje klart det til no, seier Opseth.

Jobbar med kondisen

Spisskollegaene har ikkje så mykje meir å skryte av. Otoo og Ramsland står berre med eitt mål kvar. Faktisk er Sogndal, saman med Start, det laget som har scora minst mål i seriestarten, med tre mål. 

Då skulle ein kanskje tru at det var plass til ein mann som i fjor putta mål på bestilling. Men forklaringa på benkeslitinga har truleg med alt anna enn målteft å gjere. Der scoringar har vore mangelvare, bugnar det av løpskraft i årets utgåve av Sogndal. Laget satsar på aggressivt press og spissane slepp ikkje unna grovjobben.

VIL FÅ SJANSEN: Trenar Eirik Bakke trur Opseth har godt av å vere i utfordrarposisjon, men lovar samstundes at han vil bli ein viktig spelar for laget framover.
VIL FÅ SJANSEN: Trenar Eirik Bakke trur Opseth har godt av å vere i utfordrarposisjon, men lovar samstundes at han vil bli ein viktig spelar for laget framover.

– Det er vel den største svakheiten min. Eg har ikkje det same «punchet» i presspelet som dei har, innrømmer Opseth. 

– Eg har jobba med det i fleire år, men enkelte ting er vanskelegare å få på plass enn andre. Eg lovar at eg jobbar beintøft med det, med kosthold og alt, for at eg skal bli lettare i kroppen og ein betre fotballspelar. Og eg føler det kjem seg, seier Opseth.

Eirik Bakke vil derimot ikkje gjere noko stort nummer av den manglande kondisen til disippelen. 

– Eg er nøgd med måten han jobbar og pressar på. Det gjorde han i kampane i fjor òg. Når Kristian spelar så pressar han, seier han.

Bakke trur Opseth har godt av å vere litt i utfordrarposisjon att, etter ein sesong der det meste gjekk på skinner. 

– Så vil det kome kampar framover der eg vil velje å bruka Kristian, også frå start, seier Bakke.

Håper på å gjenskape stadionmagi

Første sjanse kjem allereie i morgon, mot Brann i Bergen. Eit lag Sogndal hadde god kontroll på i fjor, men som i år har fått ein pangstart på sesongen. I allefall i serien. 

Bakke vil ikkje love Opseth nokon plass i startellevaren, men nøyer seg med å konstatere:

–  Han har ein god statistikk mot Brann. 

Det han tenkjer på er sjølvsagt 4-0 sigeren i fjor, der Opseth scora tre mål foran eit sjokkert heimepublikum på Stadion. 

– Kan eg gjenskape noko av det same denne helga her, så hadde det vore heilt magisk, seier Opseth.

– Eg har ikkje scora i tippeligaen enno, så eg gler meg til den dagen kjem.

Til toppen