JUBEL: Kristian Fardal Opseth jublar for nok eit mål i Bodø/Glimt-drakta.
JUBEL: Kristian Fardal Opseth jublar for nok eit mål i Bodø/Glimt-drakta.

Toppscoraren putta igjen

Sjå video av målet Kristian Fardal Opseth scora for Bodø/Glimt mot Mjøndalen i helga.

Mjøndalen: Kaupingen Kristian Fardal Opseth held fram å scora dei viktige måla for Bodø/Glimt. I helgas runde i 1. divisjon var han nok ein gong frampå og scora eit viktig mål for dei gulkledde.

Bodø/Glimt leia 1-0 etter mål av Ulrik Saltnes då Trond Olsen fossa fram på venstrekanten etter vel halvtimen spelt av kampen mot Mjøndalen. Olsen slo eit lågt og hardt innlegg i boksen, der Fardal Opseth hadde posisjonert seg og ekspederte innlegget direkte i mål.

Artikkelen held fram under videoen

Bodø/Glimt vann 2-1; Mjøndalen reduserte to minuttar før slutt ved Ousseynou Boye. Det er også Boye som er Fardal Opseth sin næraste utfordrar til toppscorartitttelen - etter kampen der dei to scora kvart sitt står kaupingen med 12 mål og mjøndalenspelaren med 11.

Bodø/Glimt leier 1. divisjon suverent med 39 poeng; det er heile sju poeng ned til Ranheim på 2.plass.

Til toppen