FESTIVAL: I dag startar High Camp festivalen på Turtagrø som skal gå over fire dagar. Foto: Martin I. Dalen/Fri Flyt. 
FESTIVAL: I dag startar High Camp festivalen på Turtagrø som skal gå over fire dagar. Foto: Martin I. Dalen/Fri Flyt. 

– Topptur på ski er den nye folkesporten​

Det som starta med ein kompisgjeng på 20 personar har dei siste 16 åra utvikla seg til å bli ein stor festival som kombinerer både ski og topptur. 

Årdal: Torsdag opna toppturfestivalen High Camp på Turtagrø. 

– Topptur på ski har blitt den nye folkesporten. Det har blitt veldig populært dei siste åra, seier festivalsjef, Brynjar Åmot. 

Les også: Tindevegen opnar onsdag

På berre 27 minutt vart dei 600 billettane til årets High Camp festival rivne vekk. 

Opplevingar til fjells

High Camp på Turtagrø varar frå torsdag 28. april til søndag 1. mai. I år er det 16. gongen festivalen vert arrangert av Fri Flyt.  

– Festivalen legg til rette for opplevingar oppe i fjellet og ned igjen frå fjellet. Me tilbyr både føredrag, stand up, og konsertar på kvelden. Det blir ei sosial helg med likesinna folk, seier Åmot. 

High Camp har gjennom fleire år etablert seg som ein av dei sterkeste toppturfestivalane i verda, ifølgje nettsidene deira.

Suksessen er basert på ein miks av flotte naturopplevingar, eit solid film-og føredragsprogram, guida turar, nyttige kurs og eit unikt samlingspunkt for folk som har interesse for topptur.

Lågare terskel 

High Camp har som mål om å samla ski-og brettfolk, anten ein er ny i sporten eller entusiast. Arrangementet fokuserar på samhaldet og rike opplevingar uansett evne. 

– Det er mange som ønskjer å vere med. Terskelen for å prøva seg er også mykje lågare enn ellers. Her er det eit opplegg med guida turar, seier Åmot. 

Festivalen har vakse i tråd med at toppturfenomenet har spreidd seg. 

– Me har vore her sidan måndag og vêret har vore veldig bra. I morgon er det meldt litt snø, men sola kjem nok til å gløtta fram. Søndag er det meldt sol, overskya og litt vind. Me forventa litt av kvart, seier Åmot. 

Han fortel vidare at det kjem til å koma folk frå heile landet og at han er glad Tindevegen opna onsdag slik at folk frå Austlandet får ein lettare reise. 

– Det kjem folk heilt frå Steinkjer også, avsluttar Åmot. 

Sjå heile programmet for festivalen her

 

Til toppen