Årdal: For første gong i fjor utvida Målrock arrangementet sitt, ikkje berre over tid, men også i form av innhald. I ein kommune der flott natur omgir ein på alle kantar, var det bokstaveleg talt naturleg å satse på friluftslivet.
– Det er eit variert og spennande program me har for årets festival, og me håpar endå fleire vil få augene opp for dei fantastiske opplevingane ein kan få i Årdal under Målrock, seier festivalsjef Katrine Clausen Fredheim.
Suksessen frå i fjor vert gjenteken i år, og allereie onsdag kan ein oppleve gamlevegen frå Sletterust til Øvre Årdal på sykkel. Her må ein stille med sykkel sjølv eller ta turen til fots.
- Les også: No er Målrock-programmet komplett

Torsdag vert det topptur til Vestre Austabotnting. Då får ein sjansen til å ta ein 2000-meterstopp og verkeleg gjere seg fortent til kultur på kvelden. Begge desse turane er det Kristoffer Nystedt på Utladalen Camping i Svalheim som tar seg av. Det er viktig å presisere at turane ikkje krev voldsomt med utstyr.
– Alle turane er lagt opp til at ein ikkje treng å ha særskilte ferdigheiter eller utstyr for å vere med, og me jobbar med eit par detaljar til me kanskje får på plass i år som opnar for at enno fleire får nyte Årdal frå fleire hald, legg festivalsjefen til.
- Les også: Ber om hjelp fri frivillige til Målrock

Fredag er det nyoppstarta Bulder og Brak som står for turen når dei inviterer padlelystne festivalfolk med seg på kajakktur til Indre Ofredal-anlegget. Her vil det vere open kafé, og heller ikkje her må ein ha ekstreme ferdigheiter for å vere med. Opplæringen vert gitt før ein startar turen.
– Me organiserer transport til alle påmeldte på alle turane, så det er berre å bli med på moroa.
- Les også: Målrock får 200.000 frå kommunen
Og viss du trudde programmet var ferdigstappa der, tar du feil. I siste liten har Førde-bandet «Drusar» klart å snike seg med på årets program. Dei var her sist i 2013 og leverte såpass bra at dei som var på konserten hugsar han godt enno. Desse er oppsett til å spele torsdag.