FILEFJELL: Kjartan Smedegård på skitur tredje juledag.
FILEFJELL: Kjartan Smedegård på skitur tredje juledag. (Foto: Privat)

VEKAS FOTO

Topptur til Skørsnøse i 17 minugrader

På vekas foto kan ein sjå Kjartan Smedegård som speidar utover toppane på Filefjell.

Sogn: Tredje juledag satt Kjartan Smedegård og kjæresten stø kurs mot Skørsnøse på Filefjell i iskaldt vintervêr. Med randoneeski på føtene brukte dei om lag ein time opp på fjelltoppen.

– Når me har moglegheiten, reiser me alltid på turar om vêret er fint. Me har jo så masse fine turmoglegheitar i nærområdet, og det er så befriande å vere ute i naturen, seier årdølen.

Sprek familie på Noregs høgaste topp

Instagramprofilen til Smedegård er stappfull av bilder frå turar i vakker natur. Ein kan sjå bilete av alt frå fotturar i Jotunheimen, trugeturar i Aurland, sykkelturar langs fjorden, skiturar på Filefjell eller telttur med familien. På mange av turane er ungane på ni og elleve år med. 

– Blir ungane med på tur frivillig, eller må dei tvingast litt?

– Dei er ikkje alltid så særs ivrige, men stort sett blir dei med og tykkjer det er morosamt, ler årdølen. 

Han fortel at dei mellom anna hadde ein flott tur til Galdhøgpiggen i sumar. 

– Dersom det er litt spesielle turar vil dei som regel vere med. Dei syntes vertfall det var spesielt gøy å besøke Galdhøgpiggen, sidan det er Noregs høgaste topp, seier Smedegård.

Men sjølv om han er glad i fotturar på sumaren, vil Smedegård trekke fram vintersesongen som ein favoritt. No satsar han på mange fine skiturar i månadane framover. 

Jobb i Sogn

Sjå alle stillingar

Til toppen