OPPTUR: Vatnahalsen har fått ein skikkeleg opptur etter satsinga på topptursegmentet. Foto: Petter Andresen
OPPTUR: Vatnahalsen har fått ein skikkeleg opptur etter satsinga på topptursegmentet. Foto: Petter Andresen

– Topptursegmentet har gitt vinteren hjå oss ein ny vår

Vatnahalsen høgfjellshotell var ein skidestinasjon for hundre år sidan. Så låg skiturismen nede eit par tiår, før dette segmentet no skyt i vêret att. Sjå video frå topptur!

Aurland: – Me har meir enn dobla omsetnaden i mars i år i høve mars i fjor. Det må jo vera bra, seier Petter Andresen, marknadsansvarleg ved Vatnahalsen Høgfjellshotell. 

Det ærverdige 120 år gamle hotellet som ligg ikkje langt frå Myrdal stasjon, endestoppen på Flåmsbana, har denne vinteren for alvor satsa på vinterturismen.

– På 80-90-talet døydde vinterturismen her oppe hen; dei store skidestinasjonane, som Hemsedal og Myrkdalen, tok over. Gode sommarsesongar med mellom anna stort tilsig av turistar som sykla Rallarvegen gjorde at ein heldt det gåande – også vinterstid, trass laber aktivitet.

Vart bergtekne

Så, for to år sidan, kom frikøyringsfrelste Andresen med ein gjeng til Vatnahalsen for å testa ut skimoglegheitene.

– Vinteren og våren 2015 var me mykje oppi her og vart heilt bergtekne. Frikøyring og rando var noko heilt nytt for heile omnrådet. Då eigarane – Aksnesfamilien – same hausten bestemte seg for å selja hotellet, tok me kontakt.

Det enda med at grupperinga frå Austlandet kjøpte 75 prosent medan Jannet Aksnes framleis heldt på 25 prosent.

– Det var viktig for oss å få henne med vidare; ho er andre genersasjons drivar og står no som dagleg leiar for Vatnahalsen, seier Andresen.

Les også: Ski, vafler og utsikt skal ta Vatnahalsen eit steg lengre

Les også: Skal du til Norges nye skidestinasjon, må du ta Flåmsbana

Les også: – Naturleg for oss å vere miljøbevisst

Sjølv har han jobba med å marknadsføra høgfjellshotellet som toppturdestinasjon – rundt Vatnehalsen ligg nemleg fem toppar i alle himmelretningar: Tarven, Broksfjellet, Baksafjellet, Urdshovd og Bleienuten.

Sjå video av nedkøyring frå Urdshovd under:

– Me har veldig mange ulike nedkøyringsmoglegheiter. Det kjem snø her både på vest- og austavêr, så me kan alltid søkja trygge sider. Ein går ut døra på hotellet, tek på oss ski og går opp til toppane for så å skli nedatt til hotellet. Mange set pris på denne effektiviteten, seier Andresen.

Skidestinasjon på 20-, 30-talet

SKI AND TRAIN: Dette biletet illustrerer konseptet rimeleg godt.
SKI AND TRAIN: Dette biletet illustrerer konseptet rimeleg godt.

Dei har også konseptet «ski and train» - ei pakke som inkluderer overnatting, guiding og noko bruk av toget i samband med skikøyringa

– Me oppmodar gjestene om å bruka berre sertifiserte guidar, fortel Andresen.

Trass i at Vatnahalsen som skidestinasjon har ligge ganske nede i fleire tiår, var det ein ynda stad for skituristar tidlegare

– Det vart bygd i 1896, eigentleg som tuberkulosehotell, men vart nytta som hotell for mannskapet som bygde Bergensbanen. På 20- og 30-talet var det mykje engelskmenn og andre skituristar her, seier Andresen.

Hotellet vart okkupert av tyskarane under krigen, brann ned i 1941 og bygd oppatt som det framstår i dag i 1954. Etter nedgangen i vinterturismen for 30 års tid sidan har starten på 2017 markert ei ny tid for hotellet i den kvite årstida.

– Ski til langt uti mai

– Det har vore ein eventyrleg vinter, trass til tider vanskelege tilhøve med høge temperaturar og ikkje så mykje snø. Men både i februar, mars og april har me hatt veldig bra besøk. Me ser at alle som kjem opp er over seg av begeistring både over hotellet og skimoglegheitene. Fleire kjem att mange gonger i løpet av vinteren. 

– Kva nasjonalitet er det på gjestene?

– Primært nordmenn, men i fjor starta svenskene å koma. Me har også hatt franske grupper og ventar ei gruppe frå Austerrike denne helga.

– Kor lenge varar skisesongen hjå dykk i år, trur du?

– Randonnesesongen er i sin beste periode. Det er ikkje så mykje snø, men den som ligg, den ligg bra. Så her blir det ski til langt uti mai.

 

Til toppen