INNSTILT: Fredag kveld er ferjesambandet mellom Fodnes og Mannheller innstilt på grunn av uvêret. Foto: Jan Christian Jerving.
INNSTILT: Fredag kveld er ferjesambandet mellom Fodnes og Mannheller innstilt på grunn av uvêret. Foto: Jan Christian Jerving.

«Tor» gir store utfordringar på vegane

Statens vegvesen sin krisestab har fått inn mange meldingar.

Årdal/Lærdal: Stengte fjellovergangar, kolonnekøyring og innstilte ferjer. Ekstremvêret «Tor» lagar mykje trøbbel fredag kveld.

– Ekstremvêret «Tor» slår godt inn over fylket no, og Statens vegvesen sin krisestab har fått inn ei lang rekke rapportar om tre over vegane, springflo og bølgjer som skyller opp, innstilte ferjer, straumbrot og steinnedfall. I tillegg har brøytemannskapa på fjellovergangane hatt sin fulle hyre i den sterke vinden, seier avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen. 

På E16 Filefjell har det vore inntil tre timar med venting på kolonne. Riksveg 52 Hemsedalsfjellet måtte stenga rundt 19.30.

Stengt er det også på fylkesveg 53 Tyin-Årdal. Der stengde dei tidlegare fredag. Sjølv om vinden tek godt også inst i fjorden, er det ytst det har vore verst med vindkast oppi 50 meter i sekundet.  

Elles er også ferjesambandet Fodnes-Mannheller innstilt på grunn av uvêret opplyser Fjord 1.

Tips oss om det som skjer på vegane og elles. Send tips til tips@porten.no, bruk telefon 480 13 131 eller SMS med kodeord PORTEN ‹di melding› til 1963.

Til toppen