DELAR: Torbjørn Vereide deler personlege tankar i dette lesarinnlegget.
DELAR: Torbjørn Vereide deler personlege tankar i dette lesarinnlegget. (Foto: Privat )

MEININGAR

Torbjørn Vereide: – For meg berga felleskap livet

Du står ikkje aleine, skriv Torbjørn Vereide, folkevalgt for Arbeiderpartiet, i dette lesarinnlegget.

Meiningar: I barndommen var det ikkje mangel på hyttebygging og flåtesnekring for meg og bror min. Suksessen vart varierande. Noko rasa og endå meir sank. Likevel gjorde det ikkje noko så lenge vi ga det eit forsøk.

Den kjekkaste aktiviteten var likevel bøkene. Ikkje det at vi kunne lese. Det var ein jobb som mamma tok seg av. Dei tjukke bøkene var alltid dei beste. Dei med dei store historiene der det var mykje som sto på spel. Favoritten kom alltid frå Tolkien. Med forteljingane frå Hobbiten og Ringenes Herre.  

– Ikkje håp på Utøya

Desse historiene har alltid vore med meg gjennom oppveksten. Som vaksen er det særlig ein ting som sit sterkare igjen enn alle andre. Det er nemlig ei scene der våre venner har stranda. Der døden eter seg tettare og tettare. Der alt verkar håplaust og fortapt.

Men så kjem dei plutseleg til unnsetning. Fryktlause ørner som flyr gjennom ildregnet. Som plukkar dei opp og bergar dei ut frå den sikraste slutt.

Eg møtte dei same ørnene.

For på Utøya den 22. juli så var det ikkje håp. Ingen gøymeplassar og ingen redning. Men så kom dei. Båtfolket.

Torbjørn Vereide

Til tross for at kulene hagla etter båtane. Så kom dei. Dei kom og henta oss.

– Eg er ikkje åleine 

Eg kjenner det er vanskeleg for meg å skrive dette utan å kjenne litt på tårene. Ikkje berre på grunn av tapet, men òg fordi eg er så takksam for at nokon stilte opp for meg då eg ikkje var i stand til å gjere det sjølv.

Og eg er ikkje åleine. Det er mange som har fått oppleve kor raskt den vanlegaste dagen i verda kan snu seg når det plutseleg smeller. Som har høyrt den forsiktige stemma i telefonen som seier at ”det er noko som eg må fortelja deg”.

Det er mykje som kan skje i løpet av eit liv. Både fint og fantastisk. Men og med det motsette.

– For meg berga det livet 

Det er då det er viktig at du hugsar: Uansett om du saknar nokon rundt middagsbordet. Uansett om du har mista jobben eller om du har blitt fengsla av flaska. Uansett, så er det då du må hugse dette: Du står ikkje aleine.

For sjølv om ørna ikkje kan fly deg ut av det, så er vi likevel mange som er villige til å gå dei knallharde stega med deg.

Når det stillast spørsmål om kva vi skal stå for og kva kampar vi skal kjempe. Så er det dette som eg trur på. At vi hjelper kvarandre når vi treng det som mest. Og at vi klarar meir når vi står saman.

Fellesskap er meir enn slagord.

For meg berga det livet.

Og det er noko som eg aldri kjem til å gløyme.

Til toppen