Fjærland: Det opplyser Den norske bokbyen i ei pressemelding. Stavangerbaserte Toresen er ein låtskrivar og musikar frå Sandeid i Rogaland. Dei siste to åra har ho bygd seg opp til å bli ein velkjend soloartist.
I november 2015 debuterte Toresen med albumet «Birds don`t tell», og bergtok ein fullsett Tou Scene med sin releasekonsert. Hennar sterke vilje og personlegdom blei i Haugesunds avis samanlikna med Susanne Sundfør. Vidare presenterte Stjernepose på P13 ho som ei av Noregs mest spanande nye stemmer. Musikken har blitt spelt på P3, P13, NRK Rogaland og Radio 102.
Maria har spelt mykje live, mellom anna som support for Ida Jenshus, Moddi, og Erlend Ropstad. Ho har vore deltakar på bransjetreffene Sørveiv og 100dagar samt Fjellparkfestivalen, Vikedal Roots & Music Festival og Stavanger Konserthus.
På scenen er det nedstrippa instrumentering, der ho inviterer til ei nær konsertoppleving. Maria dykker ned i duoformatet saman med Olaug Mundal på tangentar, der dei reindyrkar eit ærleg og nyansert uttrykk.