Indre Sogn: Det melder Meteorologisk Institutt på Twitter tysdag.
Meteorologane har sendt ut farevarsel i vente av kraftige regnbyger på Vestlandet sør for Stad. Det er òg meldt torevêr og kraftige vindkast med bygene.
Faren skal ifølgje varslinga på Yr.no, auka tysdag klokka 12 og avta onsdag morgon.
Måndag kveld sa meteorolog Lars Andreas Selberg ved vervarslinga på Vestlandet til NRK at det kan bli «småskummelt» tysdag, grunna kollisjonen mellom kald luft frå aust og den varme lufta som ligg over Vestlandet.
– Det kan vera lurt å ikkje opphalda seg på toppen av eit fjell eller i nærleiken av eit tre, sa Selberg til NRK.