Aurland: Søndag var det stemne i diplomboksing i Aurland. Arrangørklubben hadde åtte boksarar i ringen, fire av dei er ni år eller yngre.
– Dei var fantastisk flinke. Fleire boksa sine første kampar, men ingen av dei vart skremde. Dei synst det var kjempeartig, seier Laila Soldal Bøe i Aurland Boksegruppe om innsatsen i helga.

Forbode å slå hardt
Diplomboksing handlar ikkje om å slå motstandaren i bakken, men om å visa størst mogleg teknisk forståing. Det skal vera ein trygg måte for dei yngste boksarane til å bu seg på vanleg boksing seinare.
– Boksarane får ikkje lov til å delja laus på kvarandre. Dei blir stoppa av dommaren viss det blir for voldsomt, forklarer Soldal Bøe.
Den einaste bokseklubben i fylket har 10-12 aktive utøvarar, mange av dei altså heilt i startgropa på boksekarriera. Rekrutteringa skjer typisk ved at fedrer som brukar boksing til å halda seg i form, dreg med seg ungane når dei skal trena. Ungane igjen lokkar gjerne med seg vennar.
– Kva er ein god alder å starta med boksing?
– Det tør eg ikkje uttala meg om, men det er barneidrett, på lik linje med all anna idrett. Det skal vera gøy, og ikkje for mykje alvor. Diplomboksing byrjar dei gjerne med i 7-8 årsalderen, seier Soldal Bøe.
To heimefavorittar vann Diplomserien

Både Oskar Stigen Sørensen (13) og Sofia Stigen Sørensen (12) vann sine diplomkampar. Etter stemnet vart dei òg kåra til vinnarar av Diplomserien Vest 2017, altså var dei i fjor best i sine klassar i fylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
Henrik Loftesnes Hagan (9) og Are Gjernes (8) gjekk òg diplomkampar. Begge fekk delt siger med motstandarane.
Alle boksarane til Aurland tok merke under stemnet: Torgrim Ryum Marsh (8), Asbjørn Ryum Marsh (13), Jakob Gjernes (9), Thomas Langeland (14), Oskar Stigen Sørensen (13) og Sofia Stigen Sørensen (12).