Høyanger sørside: Med utvidinga av settefiskanlegget på Sørebø investerer Osland Settefisk AS også i eit nytt tørkeanlegg for slammet frå produksjonen. Slammet som vert sendt vekk frå verksemda i dag inneheld 90 prosent vatn og er difor tungvint å transportere.

Tørka slam frå settefiskanlegg skal bli til økologisk gjødsel
I samband med at Osland Settefisk AS utvidar anlegget, må verksemda også finne ein ny måte å handtere slammet frå produksjonen.