VERDIG MARKERING: Torodd Kvam helsar på kong Harald og dronning Sonja på Slottet tysdag.
VERDIG MARKERING: Torodd Kvam helsar på kong Harald og dronning Sonja på Slottet tysdag. (Bilde: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoff)

Torodd (69) fekk kongeleg mottaking på Slottet

Det finst heldigvis mange eldsjeler rundt om, men få brenn like sterkt som Torodd Kvam (69 ) frå Sogndal. Tysdag vart han heidra på Slottet for sin frivillige innsats gjennom ein mannsalder.

Oslo/Sogndal: – Det var ei heilt fantastisk oppleving. Du har berre sett den på fjernsyn 17. mai, at du skal få gå inn porten under den same slottsbalkongen og få helsa på kongen, dronninga og prinsesse Astrid, det er så stort at det er uverkeleg, seier Torodd Kvam.

MINNE FOR LIVET: Torodd Kvam måtte nesten klype seg i armen då han fekk gå inn porten under slottsbalkongen.
MINNE FOR LIVET: Torodd Kvam måtte nesten klype seg i armen då han fekk gå inn porten under slottsbalkongen. Foto: Toralf Flæte

Tysdag fekk han si livs oppleving på Slottet saman med utplukka eldsjeler frå heile landet. Den raude løparen var rulla ut og salen staseleg pynta. Kongen helsa dei velkomne og dronninga heldt ein flott tale til æresgjestene.

Heidra av dronning Sonja

– Det var stil over alt saman, det kan eg lova deg. Bordkortet har eg teke vare på. Det reknar eg med skal hengja på veggen, seier Kvam.

Teselskap på Slottet vart innført av bestemor til kong Harald, dronning Maud, men først dei siste åra har kongeparet byrja å invitere eldre eldsjeler for å hylle innsatsen dei gjer. 

Mest liv vart det då ei Wenche Myhre i miniskjørt plutseleg greip scena og framførte slageren «Når jeg blir 66».

Seansen vart avrunda i meir vande former, då dronning Sonja gjekk på talarstolen og takka dei frammøtte for innsatsen.

– Utan slike personar som de i salen, sa ho, så vil samfunnet stoppa opp. Det er ikkje pengar som driv dykk, men gleda over å hjelpa til. Det var gripande å høyra, seier Kvam.

Brek og hent

I Sogndal er Torodd Kvam kjent som mannen som aldri seier nei. Han har vore frivillig i idretten gjennom mange år. For mange er han berre «grillkongen». 

Om nokon treng hjelp til å sage ned eit tre i hagen eller hente heim sauer som har gått seg fast i fjellet, så stiller han opp.

Seinast torsdag var han i Luster og henta ned to sauer og fire lam, saman med Einar Fortun og kompanjongen Sverre Bruheim i Brek og Hent. 

– Det er ei fantastisk kjensle å få sauene heim og vita at du har gjort ein innsats for å hjelpa andre. Du treng ikkje anna betaling enn det. Det er vel ein av grunnane til at eg vart invitert til Slottet, seier Kvam.

STOR STAS: Eldsjeler frå heile landet vart gjort skikkeleg på av kongeparet.
STOR STAS: Eldsjeler frå heile landet vart gjort skikkeleg på av kongeparet. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoff
Til toppen