GODSTOVA: Arne Konrad og Ester Eldegard heime i stova. «Me sit mesteparten av dagane i stolane i stova saman», seier Arne. 
GODSTOVA: Arne Konrad og Ester Eldegard heime i stova. «Me sit mesteparten av dagane i stolane i stova saman», seier Arne. 

Torsdag fylte han 100 år og feira dagen med kone, slekt, vener og ordføraren

Arne Konrad og kona Ester Eldegard bur enno heime i huset sitt i Øvre Årdal, 75 år etter at dei gifte seg langt opp i fjellheimen under verdskrigen. 

Årdal: – No er det ei veke sidan eg sist gjekk ned trappa og ned gata, seier Arne Konrad Eldegard. 

Han ser framleis til å gå ut ein gong i mellom, men fortel at han ikkje reiser ut når det er styggevêr.

– Me har vore so heldige båe to, fortel Eldegard. 

Litt kry fortel han at han og kona Ester har vore gifte i 75 år. 

– I avisa kan eg berre lesa overskriftene. Men ho Ester les godt avisa og ho fortel meg kva som står der. 

Arne er imponert over at kona ser so godt, endå ho er 98 og eit halvt år. Han sjølv har mista mykje av synet etter at han fekk grå stær for ei tid sidan.  

Lagar seg framleis mat fire gonger om dagen 

Arne fortel at dei står opp om lag åtte-halv ni om morgonen kvar dag og lagar seg mat. Dei et fire måltid før dagen er omme. Ni om kvelden avlsluttar dei dagen. 

– Me har vore varsame i matvegen heile tida. Me åt heimalaga mat på Vetti (som Ester kjem frå) og på Moa (som han kjem frå), og heldt fram med det etter at me kom ned hit (til Øvre Årdal). Som regel har all maten vore heimelaga. Berre heilt i det siste at det har gått i halvfabrikata, for å spara på tida, fortel Arne.

HUNDREÅRINGEN FORTEL: Arne Konrad Eldegard fortel om oppveksten ifrå gamle dagar. Heimehjelp Janne Kristin Bjørkum finn litt tid til å lytta. Det er dagen før slekt, vener og ordføraren skal koma innom huset og heidra han på hundreårsdagen.  
HUNDREÅRINGEN FORTEL: Arne Konrad Eldegard fortel om oppveksten ifrå gamle dagar. Heimehjelp Janne Kristin Bjørkum finn litt tid til å lytta. Det er dagen før slekt, vener og ordføraren skal koma innom huset og heidra han på hundreårsdagen.   Bilde: Snorre Sandemose

Og lenge laga dei all maten heilt frå grunnen av óg:

– Fram til 1953 laga me all maten sjølve, seier han. 

Han siktar då til at dei pla stå for slakt av dyra og for arbeidet med å få råvarene i hus.

– Då me vaks opp åt me mest fisk, men òg sau, geit og gris. Alle hadde eit par griser heime den gongen. Og so slakta me ein gris to gonger for året. Ein innfør jul og ein på våren. Og me laga pylser som me hadde til jul. Mykje mat laga me heime. 

No for tida får dei litt hjelp i matlaginga av eine dottera og dotterdottera. Han fortel at det kjem heimehjelp kvar dag òg, som hjelper dei mykje.

– Ho kjem med fleire medisinar kvar dag, som eg skal «belja i meg», seier Arne.   

Stølsarbeidet som tenåring

GRATULASJONSBREV FRÅ HØGASTE HALD: I romsleg tid før han fylte 100 år, fekk Arne eit gratulasjonsbrev i posten frå kong Harald. 
GRATULASJONSBREV FRÅ HØGASTE HALD: I romsleg tid før han fylte 100 år, fekk Arne eit gratulasjonsbrev i posten frå kong Harald. 

Etter at praten hadde svive litt omkring matvanar, vart det naturleg å snakka litt om strevet med å få maten på bordet før om åra då Arne var heilt ung. 

– Me har slite sidan me var små båe to. Me byrja å arbeida og hjelpa til då me knapt kunne gå, fortel Arne.

Og då han var fjorten og eit halvt år dreiv han som venta var med skikkeleg kraftarbeid:

– Eg reid på hest heile vegen frå Moa og gjennom Fardalen, Osete, Gravdalen, Lider og til Mardalen. Rideturen tok sju og ein halv timar. Eg var oppe i Mardalen kvar veke gjennom sumaren. 

Det var bonden Haug i Fardalen som hadde seter i Mardalen og som Arne Eldegard jobba for. På stølen der var han med på å sjå til geiteflokken og kyrne som dei hadde der. Han hogg ved og skaffa brensle til budeiene, som dei turvte for å koka osten. 

Då han reid heile vegen ned att til Moa, hadde han med ned osten og smøret som dei  hadde kinna og ysta. Arne fortel at budeiene jobba veldig hardt på stølane. 

Til Mardalen fór han saman med Johannes Eldegard, som var to-tre år eldre.

– Me var ofte fleire netter på seteren før me reid ned, det var mykje ved å hogga, fortel Arne. 

– Han Johannes var veldig sterk og ein god læremeister for meg.

Ikkje berre hogg dei ved heilt til dei kom langt ned i Lia og nesten ned til Utla, dei jakta òg på reinsdyr. 

Det var gjennom gardsarbeid at både han og Johannes fekk treffa konene sine

Hjå bonde Haug var det to budeier oppe i Mardalen og ho som heitte Anna vart gift med han Johannes. 

Då Arne var 21 år var han dreng på Vetti gard. No var det hans tur til å finna kvinna som han skulle dela livet med. 

Nokre år etter at Arne og Ester møttest på Vetti, gifte dei seg i Midtundalen forbi Avadalen, på ein fjellgard mellom Hjelle og Vetti. Oppe i den friske fjellufta kjende brureparet og gjestene seg i ly for okkupasjonen. 

Til toppen