Torsdag opnar vegen over Sognefjellet

Sognefjellsvegen går ut av vinterdvalen.

Torsdag klokka 12.00 opnar vegen over Sognefjellet for trafikk. Det skriv fylkeskommunen på sine nettsider

På det meste har vegen brøytekantar på 5-6 meter, men sett vekk frå dette har det vore eit normalår for Sognefjellet. Det seier Per Ove Fossheim, prosjektleiar i Statens vegvesen, til NRK Sogn og Fjordane.

– Me har kontraktfesta opning 1. mai, men vi har hatt så god framdrift at vi no opnar 30. april, seier han til nettavisa.

Han oppmodar også folk som skal over om å behalde vinterdekka på i nokre dagar til, då det framleis vil ligga ein issåle på vegen. Ifølgje fylkeskommunen vil vegen framleis vera nattestengt i ein periode framover i tidsrommet mellom 20.00 og 08.00.

Tindevegen opnar snart

Når det gjeld Tindevegen, må ein vente endå nokre dagar før den opnar. Frank Roger Eldegard fortel til Porten.no at dei siktar seg inn på opningsdato 6. mai.

Artikkelen held fram under biletet.

MYKJE ARBEID: Det er mykje snø som skal brøytast vekk. Slik såg det ut på bomstasjonen på Tindevegen 29. april.
MYKJE ARBEID: Det er mykje snø som skal brøytast vekk. Slik såg det ut på bomstasjonen på Tindevegen 29. april.

– Men det er me forbehold. Me kan ikkje garantera opningsdato med desse enorme snømengdene, seier han og oppmodar folk om å følgja med på heimesidene og Facebook-sidene til Tindevegen. 

Denne vegen er vinterstengt, men er ei viktig innfartsåre til kommunen om sommaren. Dessutan sparer ein voldsomt med tid dersom ein skal nordover. 

8 meter høg brøytekant

Dessutan er dette ein av dei mest spektakulære vegstrekningane i Nord-Europa, og sjølv om det ikkje er så mykje turistar på denne tida av året, anbefalar Eldegard alle å ta turen opp.

– Det er ei oppleving med slike brøytekantar som er no, så det kan folk sjå fram til. I den tida me har vore involvert i dette, og eg har snakka med ein kollega som har vore med heilt frå starten, så har dei aldri sett slike snømengder før.

– Den høgste brøytekanten er på opp mot ein åtte meter. 

Til toppen