Lærdal: Klubbmeisterskapen i Lærdal Golfklubb vert rekna som den gjævaste turneringa. Moen, som er regjerande meister, hadde få problem med å forsvare tittelen frå i fjor.
Med 140 slag fordelt over to dagar med 18 hol per dag, hadde årdølen eit forsprang til nummer to som vart Tore Gjerdalen med 162 slag.
– Det vart ganske suverent til slutt. Det var ikkje så mange som presterte på dagen, så eg hadde ikkje rekna med det då eg reiste utover laurdag, seier Moen.
– Kjekkare med nerver
Totalt deltok 20 golfarar på turneringa. Sjølv om dei hadde håpa på litt fleire, var det moro, seier han.
– Men eg hadde håpa på litt meir konkurranse. Det er kjekkare når det blir nerver og føler du må prestera. Uansett er det moro å vinna.
Etter dag éin leia Moen med ti slag til nestemann. Til slutt var det altså 22 slag som skilte han og resten.
Godt miljø
Han fortel om eit godt golfmiljø i Indre Sogn. Sjølv prøvde han ut sporten for nokre år tilbake og vart fullstendig hekta.
– Det trur eg alle som har prøvd blir. Det er mange nye som er på veg oppover no. I fjor var det ein del nybyrjarar, seier han.
Sjå fleire bilete frå turneringa på Facebook-sida til Lærdal Golfklubb under.