GAMAL TREND: Førre gong det var populært å strikke kufter med geografiske namn var på 50-60-talet. Dette er haukelikufta i moderne fargar og snitt. Foto frå boka: Isabel Watson
GAMAL TREND: Førre gong det var populært å strikke kufter med geografiske namn var på 50-60-talet. Dette er haukelikufta i moderne fargar og snitt. Foto frå boka: Isabel Watson

Tradisjonskufter har fått nytt liv

Strikkekufter med stadnamn er ein av mange tradisjonar her i landet. No har gamle ikon-kufter blitt moderniserte for å møte eit strikkeinteressert publikum.

Strikkemoten går i bølgjer, som alt anna. No har strikkefeberen vore særdeles heit ei stund, til glede for mange, til irritasjon for nokre. Gamle og unge i bygd og by har kasta seg over strikketøyet.

Vi høyrer om strikkefestival, strikkeweekend, strikkekafé, strikkekino, strikkefest, strikkecruise etc. Strikkebøker av ulike slag går som hakka møkk og vekeblada er fulle av strikkeoppskrifter. No er det kufter som er blant dei store strikketrendane og retrostilen slår til også her.

Ikonkufter i nytt lys

Kufter med geografiske namn har vore vanleg lenge her i landet, men førre gong det var populært å strikke slike var på 1950 og 60-talet.

No har den tradisjonsrike ullvarefabrikken Sandnes Garn henta fram gamle mønster frå arkivet sitt og revitalisert kufter frå 27 stader i landet. Det er blitt til boka «42 norske kofter – Frå Lindesnes til Nordkapp» i samarbeid med Jæren forlag.

VANLEG: Kufter med geografiske namn har lenge vore vanleg her i landet. Her er eit mønster frå 1960-talet.
VANLEG: Kufter med geografiske namn har lenge vore vanleg her i landet. Her er eit mønster frå 1960-talet.

Mønstera er dei originale, men oppskriftene er moderniserte og tilpassa garntypar som finst i dag. Jakkene har fått moderne fargar og snitt, og om lag heile landet er representert.

– Det folk spør aller mest etter er om vi har mønster med geografiske namn. Sidan kuftetrenden er så sterk no og vi har eit rikhaldig arkiv med tusenvis av strikkeoppskrifter, kom derfor ideen om denne boka, fortel Gry Geelmuyden hos Sandnes Garn. Ho har vore med i redaksjonsutvalet for boka.

– Vi fann eit enormt utval av stadnamn-kufter frå Telemark, men også mange frå Rogaland sidan det er her vi held til. Derfor er det litt fleire mønster med i boka frå desse fylka enn resten av landet. Men vi sat med noregskartet framfor oss i utveljingsprosessen. Målet var å finne kufter frå heile landet, seier Geelmuyden.

Kufter med stadnamn har mønster som kan knytast til lokal kultur og tradisjon, eller har fått namnet sitt meir eller mindre tilfeldig.

Setesdal og Fana var blant dei første stadene her i landet som fekk sine «eigne» kufter. Allereie på 1800-talet hadde desse stadene eigne mønster.

«Nasjonalkuftene» som setesdalskufta og fanakufta er derfor med i boka, men også til dømes valdreskufta, eidsvollkufta, geirangerkufta, sognekufta, nordkappkufta, trønderkufta og jærkufta for å nemne nokre.

SOGNEKUFTE: Sognekufta i eit meir moderne uttrykk. Foto frå boka: Isabel Watson.
SOGNEKUFTE: Sognekufta i eit meir moderne uttrykk. Foto frå boka: Isabel Watson.

Internasjonal inspirasjon

Men strikkekufter er faktisk ikkje noko typisk norsk, sjølv om vi likar å sjå på dei som ein nasjonalskatt. Kufter er ganske internasjonale, til og med svenskane seier kofte om strikkejakke med mønster. Ordet stammar truleg frå det persiske «kaftan», som er ein overdel som menn trekte over hovudet.

Mønstera i gamle, norske kufter har også henta inspirasjon frå utlandet. Nokre av mønstera vart kopierte frå trøyer som kom frå utlandet på 1600-talet. Enkelte henta også inspirasjon frå utanlandsreiser eller frå tilreisande som kom til bygda. Lenge var det vanleg å kikke på kufter som andre hadde, kopiere mønsteret eller bruke det som grunnlag for noko sjølvkomponert.

Strikketradisjonen stod før i tida, naturleg nok, sterkt i området med sauehald og ullproduksjon – slik som til dømes på Vestlandet.

Arvestykke med kvalitet

Å strikke ei kufte i dag er ikkje det billegaste plagget ein kan gi seg ut på, men Gry Geelmuyden hos Sandnes Garn har ikkje inntrykk av at folk tenkjer så mykje på pris.

– Folk vel stort sett kvalitet. Kufter kan gå i arv, det ligg mange arbeidstimar bak og mykje stoltheit i det ferdige produktet. Dessutan kan ein velje mellom ulike garntypar, seier ho.

For dykk som ikkje har strikkedilla, men synest det er fint med kufter, finst det kanskje eit gammalt, strikka arvestykke på loft- eller kjellarbua som kan få sin renessanse? Elles har bruktbutikkane mykje retrostrikk å tilby no til dags. (©NPK)

Til toppen