Tradisjonsrik 17. mai-feiring i Lærdal

Det vart ein vellukka 17. Mai feiring prega av lange tradisjonar i Lærdal i år

"Fin tradisjon å starta 17 mai feiringa her!" sa Erling Arvid Hovland då musikklaget hadde starta dagen ved sjukehuset, ein nesten 60 år gammal tradisjon. Eit år vart det bestemt at det ikkje skulle væra musikkinnslag ved sjukehuset, men då var det protester som ein måtte ta til følge, og tradisjonen lever i dag i beste velgåande.

Tilsette og pasientar fekk høyre god korpsmusikk då musikklaget stemte i med kjente musikkstykke som "Fagert er landet", "Gammal Jegermarsj", "Norge i Raudt Kvitt og Blått", og "Ja, vi Elsker" som avslutning .

Noko lang kvilepause er ikkje aktuelt når ein er korpsmusikar på 17 mai. Ein kort busstur unna var det var det ny oppstilling framføre Lærdal Alders og Sjukeheim, der starten på folketoget og musikk lagar god stemning for dei eldre denne dagen.

På ruta si ned mot Kvammegården, hadde folketoget ein kort stopp ved bautasteinen ved skøytebana. Her var det  kransnedlegging av to stolte, men litt nervøse elevar i 5. klasse, Aksel N. Bøkenes og Stina Ljøsne, før toget haldt fram mot Kvammegården.

Folksamt og stemningsfullt

Etter kvart som toget fylte på vart det folksamt nede i Kvammegården. Her starta ordføraren Jan Geir Solheim med å ynskje alle til lukke med dagen, musikklaget spelte "Ja, vi Elsker", og songkoret var på scena og song "Fagert er Landet". Deretter fulgte tre fine musikkinnslag av dei yngste elevane på skulen, før Anders Tønjum overtok som årets 17. Mai-talar.

Opplegg for alle og einkver

Etter det felles oppmøte med tog og opning av nasjonaldagen i Kvammegården var det tid for å komma seg til sine respektive skulekrinsar, elevar og foreldre hadde eitt tradisjonelt opplegg på skulen på Ljøsne og samfunnshuset på Borgund .

På Borgund starte feiringa med kafe, loddsalg, samt leikar for borni før  folketoget med musikklaget i spissen gjekk ein fin liten tur, før det var samling til litt underholdning.

Elevane i 5. – 7. klasse heldt talar for dagen, 4. klasse stilte med underhaldning, og det var sett opp konkurransar for både unge og vaksne.

Heidra av etterkommar

Som avslutning av 17. mai programmet var det på ettermiddagen kransnedlegging på soldatgrav ved Borgund Stavkyrkje.

Den 30 april i år var det 75 år sidan fire soldatar mista livet i trefningar på Borlo. Blandt dei var Jens Stenberg (22 år), Kåre Vestgård (24 år), og Harry Hansen (27 år). Den fjerde soldaten, Kristian Kullerud (31 år), vart gravlagd her ved Borgund stavkyrkje. 

I 1946 hadde ungdomslaget hatt innsamling, og fekk satt opp minnestein etter Kristian Kullerud ved stavkyrkja. Under kransnedlegginga i ettermiddag var Steinar Transeth med. Han er ein etterkommar etter Kristian Kullerud, som var onkel til far hans.

Til toppen