FLOTT HANDARBEID: Husflidslaget synte fram mykje flott handarbeid på messa laurdag.
FLOTT HANDARBEID: Husflidslaget synte fram mykje flott handarbeid på messa laurdag.

Tradisjonsrik husflid i Øvre Årdal

Handmalte porselenskrus og heimespøta sokkar var berre noko av det ein kunne sjå på Husflidslaget si årlege messe i helga.

Laurdag inviterte Husflidslaget atter ein gong til messe i ungdomshuset i Øvre Årdal. Der kunne ein sjå mykje flott handarbeid som medlemane av Husflidslaget sjølv har laga. Husflidsmessa har vore ein tradisjon i mange år, og ei av dei som har vore med lenge er Inger Hove.

Populær kling

FLOTT HANDARBEID: Husflidslaget synte fram mykje fint på messa i helga.
FLOTT HANDARBEID: Husflidslaget synte fram mykje fint på messa i helga.

Hove seier til porten.no at oppslutnaden rundt messa er god, og at det er kjekt at så mange tek turen.
- På messa kan ein sjå handarbeid laga med mange ulike teknikkar, og i mange ulike prisklassar. Det ligg mykje tid og arbeid bak varene me sel, og det er difor viktig å verdsetje handarbeidet ved å ikkje prise det for rimeleg.

Salet går godt på Husflidslaget si messe, og det som truleg er mest populært er Årdalskling. Fleire av medlemmane i Husflidslaget lager denne klingen, og førespurnaden er stor.
- Det er nok Årdalsklingen som er mest populær, men me sel og mange kransekaker, flatbrød og mølse.

Fin tradisjon
Mange tok turen til ungdomshuset laurdag, og ei av desse var Gunni Tvedt. Ho tykkjer at husflidsmessa er ein veldig fin tradisjon, og er imponert over alt det fine handarbeidet.

- Det er heilt utruleg kor mykje fint dei lagar, og veldig kjekt at dei arrangerer husflidsmesse.  seier Tvedt til porten.no

Artikkelen held fram under biletet

NØGDE DAMER: Gunni, Inger Johanne, Målfrid og Margrete tykkjer husflidsmessa er ein fin tradisjon.
NØGDE DAMER: Gunni, Inger Johanne, Målfrid og Margrete tykkjer husflidsmessa er ein fin tradisjon.

Plass til fleire

PLASS TIL FLEIRE: Inger Hove og Solfrid Svortevik seier at alle er hjarteleg velkomne i Husflidslaget.
PLASS TIL FLEIRE: Inger Hove og Solfrid Svortevik seier at alle er hjarteleg velkomne i Husflidslaget.

I dag har Husflidslaget om lag 25 medlemmar som møtest kvar onsdag i den gamle sjukestova i Røti. Sjølv om Hove tykkjer medlemstalet er godt, understrekjar ho at det er god plass til fleire.

- Kven som helst kan vere med i Husflidslaget, og me vonar at fleire yngre vil vere med oss no når handarbeid har vorte så populært og trendy. Det spelar ingen rolle kva handarbeid ein driv med, alle er hjarteleg velkomne.

- Dette er nok ikkje siste året Husflidslaget arrangerer messe, me planlegg å halde fram i mange år til. Dette er eit kjempefint høve til å syne fram det me driv med, samstundes som me bidreg til å skape aktivitet i bygda.

Til toppen