TRADISJON: Laft er ein god, gammal tradisjon. Somme synest det er så vakkert at dei vil bu i eit laftehus eller ha ei lafta hytte. Dette var bustaden til Knut Kolstad til han gav han vidare til dottera. FOTO: Lise Åserud / NTB scanpix /
TRADISJON: Laft er ein god, gammal tradisjon. Somme synest det er så vakkert at dei vil bu i eit laftehus eller ha ei lafta hytte. Dette var bustaden til Knut Kolstad til han gav han vidare til dottera. FOTO: Lise Åserud / NTB scanpix /

Tradisjonsrikt med tømmer

Tømmerstokkar, saueull og jord er ein vanleg kombinasjon i ein lafta bygning. Den gamle laftetradisjonen lever vidare i Hytte-Noreg. 

– Stokkane må tørke i minimum tre år før dei er klare til bruk. For å kunne halde på kontinuerleg må vi heile tida ha nok tømmer til tre års lafteverksemd, fortel Knut Kolstad, som starta firmaet Nore Laft på byrjinga av 1990-talet.

Dei to eigarane, Knut Kolstad og Ingar Bekkeseth, har eit stort tømmerlager utan vegger ved Tunhovdfjorden i Nore og Uvdal kommune i Buskerud. Her ligg tonn på tonn med digre tømmerstokkar til tørk.

Men lagerbygningen er for liten. Rundt omkring på tomta er det derfor fleire provisoriske «tørkehus» med stokkar som etter kvart er tørre nok til å hentast inn i monteringshallen.

Lagar hjørne

Inne i hallen byggjer Nore Laft-gjengen på ei hytte med ei grunnflate på 84 kvadratmeter. Utvalde stokkar – med ein fuktprosent på mellom 15 og 18 – ligg på vent midt i hallen før dei blir ein del av hyttepuslespelet. Det inneber mellom anna at stokk for stokk blir hogd til for hand og lagt oppå kvarandre – og perfekt føydde saman der dei møtest i hjørna.

Ordet «laft» betyr rett og slett hjørne, eller å lage eit hjørne, som er ein sentral del av kunsten å lafte. Og dei utvendige hjørna, kalla lafteknutar, er som kjent ein sentral del av utsjånaden på eit laftehus.

Nore Laft bruker norsk furu. Elles går det med mange meter med kara norsk ull. Ulla fungerer som isolasjon mellom veggstokkane. På taket er det som regel torvjord som blir brukt, eventuelt skiferstein eller treplankar. Men dei lange, tjukke stokkane er dei definitive hovudingrediensane.

– Ingen stokkar er heilt like, derfor må kvar stokk tilpassast for hand. Det gjer vi med både nyare verktøy som motorsag og elektrisk høvel og gamle laftereiskapar som øks, meddragskniv og avmerkingsverktøyet meddrag, fortel Ingar Bekkeseth.

Artikkelen held fram under biletet

SOLIDE VEGGER: Tømmerstokkane er godt synlege overalt i heimen til Knut Kolstad.
SOLIDE VEGGER: Tømmerstokkane er godt synlege overalt i heimen til Knut Kolstad.

Lafte, ta ned, montere

Bekkeseth opplyser at det i gjennomsnitt tar to månader å lafte ei hytte i hallen. Deretter må stokkane merkjast systematisk før dei blir demonterte, plasserte på ein trailer og frakta til hyttetomta. Der skal stokkane stablast opp på nytt.

– Det tar berre nokre dagar å montere hytta der ho skal stå. Men med alt som skal gjerast innandørs, tar det gjerne eit par månader før hytta er klar til bruk. Kor lang tid, avheng naturlegvis av kor stor hytta er, og kva løysingar kunden ønskjer, seier Bekkeseth.

– Laftehytte eller laftehus er for dei spesielt interesserte og passar ikkje overalt. Dei bør nok stå litt for seg sjølve, omgitt av natur – og helst ikkje på ein åskam, for der synest eg dei ruver for mykje, legg Knut Kolstad til.

Fleire laftefirma rundt om i Noreg tar vare på den eldgamle, norske byggjeskikken. Ikkje alle gjer det for hand på gamlemåten, slik Nore Laft gjer. Somme – til dømes Røroshytta – har satsa på maskinlaft med limte tømmerstokkar.

Artikkelen held fram under biletet

BYGGJER INNOMHUS: Laftehallen til Nore Laft ligg ved Tunhovdfjorden i Buskerud. Her blir tømmerstokkane lafta før dei blir demonterte og frakta til tomta for å bli monterte opp igjen.
BYGGJER INNOMHUS: Laftehallen til Nore Laft ligg ved Tunhovdfjorden i Buskerud. Her blir tømmerstokkane lafta før dei blir demonterte og frakta til tomta for å bli monterte opp igjen.

Stokkane er veggene

Ei tredje gruppe tilbyr laftehytter produserte i Aust-Europa, enten av stokkar tilpassa for hand eller per maskin. Hage- og landskapsdesignar Yvonne Dengin gjekk for dette alternativet da valet fall på laft på hyttetomta i Nord-Østerdalen.

– Hytta vår vart handlafta i Litauen, frakta med trailer til Noreg og sett opp av eit norsk firma. Det var ein god del pengar å spare på å gjere det sånn. Eg veit at det blir stilt spørsmål ved om treverket og handverket er bra nok når det ikkje er norsk tømmer og norske laftarar. Vår hytte har sige litt for mykje eit par stader, men ikkje meir enn at det er til å leve med, fortel Dengin, som er dagleg leiar for Lark Landskap.

Eit lafta hus skal sige litt. I ei handlafta hytte søkk veggene om lag tre centimeter per etasje, noko laftarane tar omsyn til alle stader der siginga kan skape vanskar, til dømes ved dører, vindauge, trapper, kjøkkenskap og andre faste vegginstallasjonar.

– Vi ønskte ei tradisjonell hytte fordi ho står i kontrast til korleis vi bur til dagleg. Eg synest verkeleg vi har fått ei flott hytte som passar godt til omgivnadene. Det levande treverket og det solide uttrykket – mellom anna med store tømmerstokkar som òg er synlege innvendig – er det som gjer laft tiltrekkjande for meg. Ulempa er at dei innvendige veggene tar mykje plass. Ein må dessutan tenkje nøye gjennom korleis ein vil at hytta skal sjå ut, for det er ei stor oppgåve å endre på lafta vegger i etterkant. Det bør ein unngå, slår Yvonne Dengin fast.

Artikkelen held fram under biletet

LAGAR SPOR: Ingar Bekkeseth, som er medeigar i Nore Laft, bruker meddragskniv til å lage medfar (spor) på undersida av tømmerstokken.
LAGAR SPOR: Ingar Bekkeseth, som er medeigar i Nore Laft, bruker meddragskniv til å lage medfar (spor) på undersida av tømmerstokken.

Hand versus maskin

Det er strenge krav til kvaliteten på stokkane, mellom anna at dei har tørka nok når laftehytta skal byggjast. Ein del av krava er uskrivne reglar, til dømes kor mykje kjerneved det skal vere i stokken, og kor rettvaksen og tettvaksen han må vere.

– Norske tømmerstokkar har dei beste eigenskapane, først og fremst med tanke på kor tettvaksne dei er, seier Sverre Sørumgård i Stokk & Stein, som mellom anna har sett opp Askeladdens Hus, ein handlafta del av Soria Moria Hotell i Oslo.

Røroshytta er blant dei som tilbyr lafta kataloghytter. Dei har valt å bruke maskiner og finsk lammeltømmer. Sistnemnde er stokkar som ser sette saman av to eller tre emne, som er limte saman og med kjerneveden vend utover.

– Vi meiner limtrestokkane er betre, fordi desse stokkane ikkje sprekk opp. Alle stokkane har lik høgd og kan derfor tilpassast maskinelt. Det er naturlegvis ei smakssak, men dei aller fleste må tett inntil hytta før dei ser forskjell på maskinlaft og handlaft, seier Rune Høistad i Røroshytta.

For Knut Kolstad i Nore Laft er det utenkjeleg å gå over til maskinell lafting.

– Eg er opptatt av å ta vare på det gamle handverket med umake stokkar som er nøye tilpassa kvarandre. Dei gode og velprøvde lafteteknikkane har mellom anna vist at øksa er ein eineståande reiskap, til dømes ved at øksa gjer overflatene glatte og tette når ho kuttar i trestokken. Mange av dei gamle laftehusa vi ser rundt omkring i landet, vart lafta berre ved hjelp av øks. Eg kan ta til tårene når eg ser flotte lafteverk stå til forfall. Ingen andre har utvikla lafteteknikken så mykje som vi har her i Noreg. Det er ein tradisjon vi har grunn til å vere stolte av, seier Kolstad.

Til toppen