TRAFIKKTRYGGING: Kommunane blei tydag tildelt trafikktryggingsmidlar. Foto: Anders Aa. Hagen/Trygg Trafikk.
TRAFIKKTRYGGING: Kommunane blei tydag tildelt trafikktryggingsmidlar. Foto: Anders Aa. Hagen/Trygg Trafikk.

Trafikkløyve til Årdal og Lærdal

Sogn og Fjordane fylkeskommune har delt ut totalt fem millionar kroner til trafikktryggingstiltak i kommunane i 2016.

Årdal/Lærdal: Pengane skal mellom anna gå til trygging av skuleveg. Fordelinga av midlane til desse tiltaka vart vedtatt på møtet i fylkestrafikktryggingsutvalet tysdag.

Midlane er ein del fylkeskommunen sitt arbeidet med å tilrå og samordne tiltak for å fremje trafikktryggingsarbeidet i fylket, i tråd med vegtrafikklova.

Årdal kommune var ein av dei som fekk mest midlar med drøye 402 000 kroner. Berre Askvoll, Flora, Førde og Bremanger fekk meir. Lærdal kommune fekk 229 500 kroner i løyve.

I Årdal skal pengane gå til utskifting av gatelys i Strandvegen, Øvstetunsvegen og Farnesvegen. Det er rekna ut at dette vil ha ein kostnad på 721 000 kroner.

I Lærdal er det sett opp tre tiltak som pengane skal nyttast til. Det er ein snuplass for buss på Steinklepp, fartsdemparar i Telthusvegen og Bergo, samt diverse skilting som skal gjera områda rundt skular og barnehagar tryggare. 

Til toppen