Årdal: Det seier Tore Johan Arntzen, dagleg leiar i Handelsbygg. Det er snart to år sidan Porten.no for første gong kunne fortelje om planane hans i Hydroparken.
Sidan då har saka blitt ei av dei mest diskuterte næringslivssakene i bygda. I løpet av hausten vil ho omsider kome til politisk handsaming, men på vegen har Handelsbygg møtt på ein fartsdump.
Eit forretningsbygg i Hydroparken vil føre til auka trafikk i krysset der Verksvegen, Storevegen og fylkesveg 53 møtest i dag. Det er forslagsstillar sitt ansvar å vise korleis framtidig trafikksituasjon skal løysast, og det har dei gjort med to forslag, men Statens vegvesen er ikkje overbevist.
- Les også: Kjenner seg svikta av Ap
«Kryssalternativ A og B er framleis ikkje i tråd med handbok N100 Veg- og gateutforming. Dersom me skal kunne akseptere nokon av desse alternativa, må blant anna avstanden mellom kryssa vere i tråd med krav i N100», heiter det i uttalen.
Artikkelen held fram under biletet.

Forkøyrsveg
Grunngivinga er for å ivareta trafikktryggleik og trafikkflyt. Difor går Vegvesenet mot begge alternativa, men legg fram forslag om at Storevegen vert forkøyrsregulert i krysset ved Verksvegen.

– Dei seier ja til ei løysing med forkøyrsveg, så då skal me utgreie konsekvensane av det. Det jobbar konsulenten vår med akkurat no, og eg håpar me har eit forslag i slutten av denne veka, seier Arntzen om uttalen frå Vegvesenet.
– Når me har fått sendt inn det, er planforslaget vårt komplett, og då håpar eg på handsaming i oktober eller november.
– Hastar
Ikkje eit sekund for seint, meiner Terje Laberg, dagleg leiar i Årdal Utvikling.
– Frå Årdal Utvikling si side byrjar me å føle at dette er på overtid. Me forventar no at reguleringsmyndigheitene og dei som skal gi innspel, vel å setja framdrift på dette slik at me får ein konklusjon, seier han.
– Årdal treng denne aktiviteten i Hydroparken dersom me skal fullføra satsinga på handel og ikkje minst i samband med reiselivssatsinga vår.
Artikkelen held fram under biletet.

Grundig
Det er hjå Vegvesenet saka no har lege heile sommaren.
– Det har vore ein ønske frå Vegvesenet å få fleire alternative innspel til korleis trafikksituasjonen kan avklarast slik at dei ikkje leverer skriftleg motsegn til reguleringsplanen. På den bakgrunn har eg godkjent at me prioriterer å få til ei løysing med Vegvesenet slik at reguleringsplanen skal gå lettare gjennom i kommunen og statlege organ, fortel rådmann i kommunen, Olve Fossedal
Det betyr at saka snart vil få sin ende. Arntzen er positiv og fortel at byggjestart ved godkjenning blir i april eller mai neste år, og at bygget då vil stå klart i november.