VASSVEGEN: I Venezia er det gondol som gjeld dersom du trenger å kvile beina litt. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix.
VASSVEGEN: I Venezia er det gondol som gjeld dersom du trenger å kvile beina litt. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix.

Trafikkstille reisemål

Eksos, trafikkstøy og farlege trafikksituasjonar bidrar sjeldan til feriehygge. Kva med å velje eit bilfritt reisemål?

– Venezia stiller i særklasse når det gjeld bilfridom. Det første ein legg merke til, er at lydbildet er heilt annleis enn i andre byar, fortel Vibeke Montero. Ho er partnar og hovudbloggar i reisebloggen Bortebest.no, og har Venezia som sitt favorittreisemål.

Ho skildrar effekten av at rusande motorar blir erstatta av bølgjeskvulp.

– Ein snakkar lågare og blir rolegare til sinns. Det er som om stressnivået automatisk senkar seg nokre hakk, forklarer ho.

Dei fleste har sikkert opplevd det motsette: Storbyferie der ein roleg lunsj blir øydelagt av tutande bilar og forbipasserande mopedar som nærmast sneier bordduken. Smale landevegar med manglande fortau der du må hoppe i grøfta kvar gong ein bil passerer. Meiningslause timar i rushtidskø på veg til hotellet i ein framand by.

Artikkelen held fram under biletet.

NOREGSFERIE: Lyngør kan du nå med rutebåt, og kan by på ekte sørlandsidyll.
NOREGSFERIE: Lyngør kan du nå med rutebåt, og kan by på ekte sørlandsidyll.

Heldigvis finst det mange og varierte bilfrie alternativ. Sjølv her heime har vi idylliske og bilfrie øyar som Lyngør og Nordre og Søndre Sandøy. Eller kanskje du føretrekkjer eit meir eksotisk strandparadis? For dei urbane er det nok av byar å velje i som har eit bilfritt sentrum. Eller vil du heller reise til ein stad «der ingen skulle tru at nokon kunne bu», som berre kan nåast til fots?

Roa i Kroatia

Av naturlege årsaker er det spesielt øyar som kan by på bilfrie omgivnader. Ein av dei som har funne sitt bilfrie paradis, er Anne-Kirsti Friele Hauan.

– Eg og mannen min hadde i mange år reist på øyhopping i Hellas, og i 2005 ville vi prøve det same i Kroatia, fortel ho.

Dei to gjekk på første og beste båt i hamna i Dubrovnik, og bestemte seg for å gå av der dei syntest det såg fint ut. Dei hamna på øya Lopud, og forelska seg totalt.

Artikkelen held fram under biletet.

ØYHOPPING: Reiser du på øyhopping i Kroatia, har du fleire bilfrie stader å stoppe. Her øya Lopud, som ligg ein times båttur frå Dubrovnik.
ØYHOPPING: Reiser du på øyhopping i Kroatia, har du fleire bilfrie stader å stoppe. Her øya Lopud, som ligg ein times båttur frå Dubrovnik.

– Vi blei der i to veker, og reiste ned alle dei etterfølgjande somrane. Det var utruleg roleg og stille der, nesten som å reise tilbake i tid. Øya har berre 200 innbyggjarar, og folk er veldig gjestfrie. Staden følast veldig oversiktleg og trygt, seier ho.

Dei blei etter kvart kjent med lokalbefolkninga, som gjerne ville at dei skulle lage ei nettside på norsk for å marknadsføre staden. Dermed blei Lopudreiser.no oppretta, og nettstaden formidlar i dag overnatting på rundt ti ulike øyar i Kroatia. Tre av dei er så godt som bilfrie: Lopud, Kolocep og Sipan.

– På Sipan finst det nokre få bilar. Og på Lopud har det faktisk dukka opp nokre golfbilar dei siste par åra, seier ho.

Ei stille øy

Bilfritt sentrum har vore mykje diskutert i Noreg den siste tida, og i mange byar i Europa er sentrum allereie stengt for biltrafikk. I tillegg er det ei rekke gamlebyer rundt om i verda der bilkøyring rett og slett ikkje lèt seg gjere.

– Det finst mange små mellomalderbyer i middelhavslanda der dei smale gatene blei bygde for esel og ikkje bilar, fortel Vibeke Montero.

– Mange av desse byane er framleis stengde for bilar i dag, som for eksempel Taormina på Sicilia og Roussillon i Provence. Det gir rom for hyggelege gatekafear og kunstgalleri som trekker ut på gateplan, seier ho.

Artikkelen held fram under biletet.

ROLEG: Øya Hydra i Hellas har ikkje berre forbod mot bilar, det er også forbode med nattklubbar og neonskilt.
ROLEG: Øya Hydra i Hellas har ikkje berre forbod mot bilar, det er også forbode med nattklubbar og neonskilt.

Mange drøymer om ei stille sydhavsøy, og Montero trur det er nettopp mangelen på bilar som er noko av årsaka.

– Eg trur mykje av grunnen til at vi har eit romantisk forhold til øylivet, er at trafikken er avgrensa eller ikkje-eksisterande. Det understrekar kjensla av ro som vi så lett mister i storbyen, seier ho, og nemner øyar som spanske Formentera og thailandske Koh Kradan som bilfrie soner.

Men sjølv om bilbråket er borte, er du ikkje garantert ein stille ferie. Viss du då ikkje går endå lenger i ferievalet – og finn deg ei aude øy.

Til toppen