Aurland: Klokka 22:18 fekk politiet melding om eit trafikkuhell på europavegen mellom Aurland og Flåm.
– Bil har fått sleng og køyrt i fjellveggen. Det skal ikkje vera personskade. Politiet er på staden, skriv dei på Twitter klokka 22:35.
Vegen vart først stengd etter ulukka, før det vart dirigering på staden.