HØYANGER: Det er trafikale problem på staden.
HØYANGER: Det er trafikale problem på staden. (Foto: Skjermbilde / Google Maps)

Trafikkuhell ved Noreviktunnelen 

To personar på ein motorsykkel skal ha bråbremsa og køyrd inn i bilen framfor ved Noreviktunnelen. Dei er no sendt til sjukehus.

Høyanger: Trafikkuhellet skjedde like etter klokka 11:00 ved Noreviktunnelen på E39 mellom Vadheim og Lavik. To personar på ein motorsykkel skal ha køyrd inn i bilen framfor og velta. 

Personane på motorsykkelen er ein kvinne og mann i 50-åra. 

– Det er ikkje meld om alvorlege personskader, dei er begge våkne og bevisste, seier Eivind Hellesund i Vest politidistrikt. 

Naudetatane kom fram like etter klokka 11:30 og personane på motorsykkelen får hjelp av ambulansepersonell.

Vestgåande felt ved Noreviktunnelen er no stengd og det er uvisst når vegen vert opna for fri ferdsel igjen. Firda melder om at trafikken til Lavik vert dirigert via gamle E39. Dei som køyrer mot Vadheim kan køyre gjennom tunnelen.

Til toppen