Lærdal: Tuftåstunnelen på E16 som vart stengd i ettermiddag, etter at to bilar har vore involverte i eit trafikkuhell inne i tunellen, er no open att, melder Vest politidistrikt, tordag.
Det var rundt klokka 14 i ettermiddag, torsdag, at Vest politidistrikt meldte om ulukka på sin twitter-konto.
–Uhellet omfattar to bilar, og det gjeld påkjørsel bak frå, seier Terje Magnussen, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.
Det var ein person i ein av bilane, og fem personar i den andre. Ulukka fann stad ca. 100 meter frå inngongen til tunnelen, ifølgje Magnussen,
Naudetatane kom raskt til staden, og dei melde om mindre skader, men at nokre personar vart sendt til legevakt for sjekk.
Har du tips? Ta kontakt via porten@tips.no eller på tlf: 90815045