BIL AV VEGEN: Klokka 14 sundag fekk politiet melding om eit trafikkuhell på Hafslo i Luster.
BIL AV VEGEN: Klokka 14 sundag fekk politiet melding om eit trafikkuhell på Hafslo i Luster. (Skjermbilde: 1881.no)

Trafikkuhell på Hafslo, bil sklei av vegen

Klokka 14:20 sundag melde Vest politidistrikt om eit trafikkuhell på Hafslovegen i Luster.

Luster: Politiet opplyser om at ein UP-patrulje har vore i kontakt med føraren av bilen.

Han har forklart at bilen sklei ut av vegen, og at han var åleine i bilen. Det er ikkje meld om personskade.

Vidare opplyser politiet at det er ikkje mistanke om promillekøyring.

Bilbergar er bestilt, og vegen er åpen for fri ferdsel.

Til toppen