Luster: To køyretøy var involvert i ulukka. Vegtrafikksentralen opplyser at ulukka har skjedd på fylkesveg 55 ved YX-stasjonen.
Vegen vart stengd som føljge av ulukka, men er no open.
Jan Gunnar Holvik, vaktleiar ved Alarmsentralen, opplyser til Porten.no klokka 12:40 at naudetatane er framme på staden.
– Det er to bilar som har kollidert. Passasjerar i den eine fekk me opplyst frå meldar var utanlandske. No er begge bilane flytta av vegen og det går an å passera på staden. Personane har kome ut av bilane og blir sett til av helse, seier han.
Holvik seier dei ikkje enno veit detaljar kring kollisjonen.
Klokka 13:16 melder Vest politidistrikt på twitter at det var ein påkøyrsle bak frå.
Det var ein familie på fire inne i bilen som var påkøyrd. Dei er køyrd til Førde sjukehus for sjekk. Alle var bevisste.