TRAFIKKUHELL: Ein personbil har kollidert med ein buss på Hella i Leikanger.
TRAFIKKUHELL: Ein personbil har kollidert med ein buss på Hella i Leikanger. (Skjermbilde: Google Maps)

Personbil kræsja inn i buss på ferjekai i Leikanger, no er vegen open

Vest politidistrikt melder om hendinga klokka 15:55.

Leikanger: Det er ifølgje politiet ikkje meldt om personskade, men personbilen skal ikkje vera køyrbar. 

Hendinga har skjedd på Hella ferjekai på ferjesambandet Hella-Dragsvik på riksveg 55 i Leikanger kommune. Det er redusert framkomst på staden, melder Vest politidistrikt klokka 16:05. 

– Det er eit lite trafikkuhell, det er ein personbil som har vore uheldig og sneia borti ein buss på ferjekaia. Det er ingen personskade og situasjonen er rekna som udramatisk, seier vaktleiar ved Alarmsentralen Terje Birkeland til Porten.no. 

Lekkasje frå bilen

Birkeland seier at bilen har fått ein støyt framme, slik at det renn væske frå ein lekkasje på fronten, og at bilen difor ikkje er køyrbar. 

Klokka 17 melde Statens vegvesen at det er manuell dirigering på staden, og at bilbergar var på veg.

Klokka 17:45 melder Statens vegvesen at vegen er open for fri ferdsel.

Til toppen