Trafikkulukke i Sogndal: Førarar sendt til Førde sjukehus
(Skjermbilde: Google Maps)

Trafikkulukke i Sogndal: Førarar sendt til Førde sjukehus

Eit trafikkuhell på riksveg 5 stenger vegen ved avkøyrlsa til Kvåle.

Sogndal: Klokka 11:48 melder Statens vegvesen om eit trafikkuhell på riksveg 5, Fjærlandsvegen i Sogndal. Uhellet stenger vegen ved avkøyrsla til Kvåle. 

Vest politidistrikt opplyser klokka 11:53 at dei fekk melding om det dei omtalar som ei trafikkulukke klokka 11:39. 

Det er to personbilar involvert i ulukka, og begge førararane var åleine i kvar sin bil. 

Ein person melder om smerter i skulder og bryst. Den andre melder om blødningar frå kutt i hovudet. Dei blir tilsett på staden av ambulansepersonell.

Dei blir køyrt til legevakt i Sogndal for sjekk. 

Ein bil har kome ut i krysset frå Kvåle, og den andre bilen kom køyrande frå Sogndal. Det er store materielle skader på bilane. Naudetatane er på staden. Hendelsesforløpet er førebels ukjent. 

Vegen var heilt stengt i ein kort periode. 

Vegen er open og det er fri ferdsel på staden. Dei to førarane er sendt til Førde sjukehus for sjekk. 

Politiet opplyser at det er gjort beslag av førarkortet til kvinna i 90-åra.

Til toppen