TURIST: Føraren av bilen som enda utfor ein skråning på Aurlandsfjellet i går, er ifølgje politiet ein asiatisk turist som held til i ei nabobygd.
TURIST: Føraren av bilen som enda utfor ein skråning på Aurlandsfjellet i går, er ifølgje politiet ein asiatisk turist som held til i ei nabobygd. (Foto: Jan Christian Jerving)

Trafikkuhellet i Lærdal: Politiet prøver å koma i tale med asiatisk turist

Då politiet kom til ulukkesstaden i går hang bilen i eit tre i ei skråning, men føraren var ikkje å sjå.

AURLANDSFJELLET: Trafikkuhellet skjedde mellom Grindheim og Hestevollen på veg opp Aurlandsfjellet frå Lærdal. Foto: Skjermdump/Google Maps

Lærdal: Onsdag kveld rykka politiet ut etter dei fekk melding om ei trafikkulukke på fylkesveg 243 på Aurlandsfjellet mellom Lærdal og Aurland. 

Då politiet kom fram til staden var føraren vekke. No ønskjer dei å koma i tale med ein mannleg kinesisk turist.

– Han var åleina i bilen, og køyrde ein leigebil frå Hertz som er påført store materielle skader, seier Frode Kolltveit, operasjonsleiar ved operasjonssentralen i Vest politidistrikt. 

Politibetjent: – Veit han befinn seg i ei nabobygd 

Ein tipsar seier til Porten.no at ulukkesfuglen er turist og innkvartert i Sogndal via utleigetenesta Airbnb. Ifølgje tipsaren dukka vedkomande opp att i saftbygda i går kveld etter hendinga.

– Me veit at han befinn seg i ei nabobygd, og me jobbar med å få han i tale per no. Me veit at han er uskadd, og me ser på saka som eit trafikkuhell, seier Helge Øvstetun, vakthavande innsatsleiar ved Årdal lensmannskontor.

Øvstetun opplyser at det ikkje er telefondekning der ulukka skjedde. Føreren må difor ha kome seg vekk frå staden for å melda inn ulykka, seier han.

Inga dekning på staden

Ulukka skjedde i ein 180 graderssving i ei 60-sone mellom Grindheim og Hestevollen.

AMBULANSEN FØRST PÅ STADEN: Då politiet kom fram til staden var ambulansen allereie der. Føraren var ikkje å sjå nokon stad. No jobbar politiet med å koma i kontakt med vedkommande. Foto: Jan Christian Jerving

– Har de noko ide om korleis uhellet skjedde?

– Nei, det var ingenting utifrå åstaden som gav oss noko indikasjon på hendingsforløpet. Det var inga bremsespor. Det er ein 180 graders sving, men utover det er det ingenting som tilseier kva som har hendt, seier Øvstetun. 

Han seier at politiet at dei ikkje har noko meir informasjon utover det dei såg med eigne auge på staden. 

– Me ser at han har kome utfor vegen og treft ein del av autovernet og deretter landa litt nede i ein skråning. 

Han seier at jobbar politiet med å få kontakt med føraren, og vil vurdera kva som skjer vidare etter dei har fått hans side av saka.

Til toppen